Orð og tunga - 01.06.2007, Side 165
Ritdómur
155
statta av "hans, hennar", som eg sá vidt har vore inne pá ovanfor. Det
mest synlege er at typografien er endra: Alle frasar, setningar, tydin-
gar osv. kjem pá ny line, mens dei i OS er klumpa saman i den lopande
teksta etter lemmaet. Det gjer det langt enklare á finne fram i boka, det
gir eit tiltalande oversiktleg og pedagogisk inntrykk. Men det betyr
ogsá at boka knapt kan lyftast av ein person med dárleg rygg.
Eg ser ogsá pá tilskota frá OH i den same sekvensen: EFTIRLIT,
EFTIRSJÁ og EFTIRTEKT, og finn at artiklane her er heilt identiske
og uforandra. Nokre stikkprover elles i ordbokene viser det same.
Derimot er registerdelen sjolvsagt kraftig utvida sidan han no dekkjer
heile SOÍM og ikkje berre OH-materialet.
4 Kva slags ordbok er SOÍM?
Á klassifisere denne ordboka typologisk, er ikkje sá enkelt, og det gjeld
forst og fremst den delen som stammar frá OH. OH hadde under-
tittelen "íslensk hugtakaorðabók med orða- og orðasambandaskrá".
I Nordisk leksikografisk ordbok blir begrepsordbok (hugtakaorðabók) de-
finert slik: "ordbok som grupperer sammen leksikalske enheter som
horer til samme semantiske felt, og som i regelen har systematisk
makrostruktur". Dette er den klassiske typen eksemplifisert i Rogets
Thesaurus. Men OH svarer ikkje til denne beskrivinga. Den grupperer
ikkje saman leksikalske einingar, men derimot frasar som kan ha noko
á gjere med eit visst allment begrep. JHJ avgrensar seg til abstrakte
begrep, som gjeld sinnsstemningar, haldningar, (sprák)handlingar, re-
lasjonar mellom menneske, eigenskapar, tilstandar. Den fysiske verda
er stort sett fráverande. Og tilgangsstrukturen er alfabetisk, ikkje sys-
tematisk. Ein tesaurus av den typen Roget laga, er sá vidt eg veit enno
ikkje laga for islandsk. JHJ sjolv bruker da heller ikkje termen tesaurus,
men kallar OH i ein norsksprákleg artikkel (2005: 228) for "en fraseo-
logisk begrepsordbok".
Utgangspunktet for OH er ifolgje JHJ (2005) ei utilfredsheit over
fokuseringa pá enkeltordet i tradisjonelle ordboker, og ogsá i OS. Han
onskte ei ordbok der brukaren skulle kunne gá rett pá den konteksten
enkeltordet skulle fungere i, og ut frá det sjá pá frasane som heilskapar
og orda som byggjesteinar. Samtidig laga han ein alfabetisk registerdel
over enkeltorda, slik eg kort har nemnt ovanfor.
Denne dobbelte strukturen frá OH er altsá overfort til SOÍM, som