Orð og tunga - 01.06.2007, Page 166
156
Orð og tunga
dermed kan beskrivast som ei fraseologisk ordbok med tre inngangar
av to typar, alle tre alfabetiske: ein begrepsbasert og to ordbaserte (i
hovuddelen og registerdelen).
SOÍM gir ikkje opp tydingar; den berre listar opp frasar, setning-
ar og samansetningar. Den einaste semantiske informasjonen som blir
gitt, er korte indikasjonar pá deltydingar av oppslagsorda i OS-artik-
lane, som dei enkelte ordsambanda blir grupperte under. I OH-delen
blir frasane ogsá grupperte inn under ulike overordna tydingar. Sáleis
skil SOÍM seg frá den andre store fraseologiske ordboka i Norden:
Svensk sprfikbruk. Ordbok över konstruktioner och fraser, utgitt av salige
Svenska spráknámnden i 2003, der det blir gitt forklaringar pá idi-
om og andre ordsamband der redaktorane meiner det trengst, og det
er ikkje sá sjeldan. Det same gjeld stilmerkingar av typen "litterært,
alderdommeleg, hogtidleg, kvardagsleg, nedsetjande", som heller
ikkje finst i SOÍM.
JHJ har vore ein flittig deltakar i det nordiske leksikografisamar-
beidet, og har pá ei rekkje nordiske konferansar lagt fram ideane bak
dei storverka han har levert (Jón Hilmar Jónsson 1992, 1996, 2003,
2005). Eg viser til dette, og gár ikkje vidare inn pá intensjonane hans.
Eg stiller i staden sporsmálet: Kven skal bruke ordboka, og til kva?
5 Deme pá bruk: Nokre sok
Brukarane má i det minste vere folk som kan islandsk godt frá for, og
som skal bruke spráket aktivt eller forske i det. SOÍM er ei typisk
produksjonsordbok - den som skal lese islandsk og treng opplysn-
ing om kva ord betyr, má gá til andre ordboker, anten íslensk orðabók
(ÍO) eller ei tosprákleg ordbok. Men i ÍO finn ikkje brukaren sá mange
ord som JHJ har fátt med, nár det gjeld samansetningar. Sáleis kan
den som vil vite om ei gjennomsiktig samansetning som ikkje finst i
ÍO, likevel kan brukast pá islandsk, slá opp under eitt av ledda i ordet
i SOÍM og leite i listene der. Rett nok er samansetningsrekkjene ikkje
ordna alfabetisk, men etter tyding, sá vidt eg kan sjá, og det stiller
store krav til brukaren, for her er ikkje strukturen sá godt markert
alltid (det kjem eg tilbake til nedanfor).
No skal eg teste SOÍM ved á gjere nokre sok der (i papirordboka).
Dei meldingane av OS, OH og SOÍM som eg har sett, er skrivne frá ein
islandsk brukarsynsstad (Anna Helga Hannesdóttir 2005, Jóhannes