Milli mála - 01.01.2012, Page 82
82
HESTEGRAMMATIKK
Jimmen. Det er rett at kjørekarens arbeidsforteljingar høyrest kvar-
dagslege ut, men det er også bibelsitat, poetiske avsnitt og filoso-
fiske funderingar. Og om hestespråket er blømande, er det også ofte
så jordnært og kroppsnært at det nesten blir vulgært.
Eg kjem ikkje til å gjera nokon målføreanalyse av språket til
kjørekaren, men bare slå fast at det er ein sørvestlandsk dialekt med
typiske trekk for Stavanger- og Sandnesområdet. Det er ikkje man-
ge bymålstrekk i teksten. I ei tid då skriven dialekt er den vanle-
gaste målforma i mange medium, t.d. i tekstmeldingar, på Facebook
og Twitter, er Rimbereid sin transkripsjon av dialektord svært
moderat. Han tar med stumme konsonantar («det», «spannet») og
vanlege småord som ikkje er særleg ortofoniske får halda skrivemå-
ten («nok», «at», «om», «som», og personleg pronomen, tredje
person fleirtal blir skrive «de»). Dette gjer teksten lett å lesa, og
samstundes er morfologi og ordval typiske for stavanger-/sand-
nes-dialekten: å-endingar i bunden form av hokjønn eintal («håndå»)
og inkjekjønn fleirtal («beinå»), t-endingar i adjektiv som er utan
ending i inkjekjønn i skriftmålet («plutseligt»), a-infinitiv, «blau-
te», dvs. stemde, konsonantar mellom to vokalar («ligavel», «da-
mekåba», «udenfor») og særskilte ord og ordformer («syddra»,
«styvla», «aurbenken»).
Hesten sitt språk hentar morfologi, ordval og ordformer frå flei-
re dialektar og språkhistoriske periodar. Syntaksen er ofte spesiell.
Det er noko kantete ved språket til Jimmen, som kan minna om
rørslene til ein arbeidshest. I analysen vonar eg å kunna peika på
noko av det som skaper denne grove rytmen. Eg tar føre meg nokre
utdrag av teksten med tanke på syntaks, morfologi og ordval. I
analysen av syntaks legg eg hovudvekt på funksjonsanalyse, men
nyttar også verkty frå posisjonsanalysen, altså ordets plassering i
setningsskjemaet. Posisjonsanalysen forklarer best den formelle ef-
fekten av brota på normalsyntaksen, medan funksjonsanalysen kas-
tar lys på den innhaldsmessige sida av endringane. Morfologien går
eg bare inn på der det er tydelege brot på normalen, og der det er
stilistiske trekk, t.d. bruk av kasusendingar for å skapa folkedik-
tingsstil. Eg kjem ikkje til å utføra noka systematisk semantisk
analyse av tekstutdrag i grammatisk forstand, men semantiske rol-
lar og referansar er sentrale aspekt i all nærlesing, ikkje minst av
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 82 6/24/13 1:43 PM