Milli mála - 01.01.2012, Page 85
85
GRO-TOVE SANDSMARK
at kjørekaren er klar over kor påliteleg hesten er, og takksam for
den tilliten han kan syna han.
«Å vera»-sekvensen (døme II) har eit samsvar i hesten si skild-
ring av tilveret på s. 43. Men her er det ikkje noko imperativ, bare
konstatering. Og her er det konsekvent brukt negasjon.
Og vera ikkje på deim venger
og fugl åt prikkut fljuga.
Og vera ikkje raudt på fotan
og fluge på der pitla.
Og vera ikkje fruva grøna
og attum vide glaset skina. […] (Døme IV)
Det er sjølvsagt mogleg at hesten, på same måte som norske skule-
barn, blandar saman infinitivsmerket og konjunksjonen, men stilen
minner mest om ei lyrisk oppramsing der infinitivsmerket er ute-
late og setningane knytte samane med «og», som i Hagerup-diktet
nemnt ovanfor. Uansett gjer dette særtrekket teksten annleis enn
monologen til kjørekaren, sjølv om ordlyden liknar. Medan Hamlet
seier «å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet» (Shakespeare 2007)
og understrekar det eksistensielle valet, formidlar kjørekaren og
Jimmen utan atterhald «å vera» og «vera ikkje».
Kjørekaren sitt «vera» er konkret, praktisk og knytt til det ar-
beidet han held på med, nesten ei slags hugseliste, mens Jimmen
sitt «vera ikkje» er eksistensialistisk, eller formidlar jamvel endå
meir medvitet av ein ikkje-eksistens. Ved å skildra andre artar og
fenomen med eigenskapar han ikkje har, fortel han noko om kven
han er, og kva han kan og har. Jimmen flyg ikkje, han er ikkje inne,
han er korkje såret eller fluga i såret, for han er ute på bakken, kan-
skje med sår på foten. Han syner også at han legg merke til om-
gjevnadene og livet ikring seg, og står slik fram som merksam og
var. Herren skildrar korleis han held seg til hesten, og syner seg
som ein omsorgsfull kjørekar. Det er altså liknande eigenskapar vi
får formidla indirekte i begge diskursane, eigenskapar som lett ska-
par sympati hos lesaren. Ved å utelata subjektet, «eg», understreker
Rimbereid at begge fokuserer på medskapningane sine.
Her er det som sagt ein medviten og meiningsbærande bruk av
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 85 6/24/13 1:43 PM