Milli mála - 01.01.2012, Page 88
88
HESTEGRAMMATIKK
dottera»: «Dæ rinder å springer i grønnan eng» (Bugge 1998: 49).
Oppskrifta til Sophus Bugges er frå 1863, men språkdrakta er utan
tvil eldre. I Jimmen er det oftast vanlege e-endingar i hokjønn, men
stundom -a: «fruva grøna» (døme IV). Derimot endar adjektiv
stundom på -an i inkjekjønn: «og berre i sterkan sumarljos» (s. 11),
«noko svartan svart» (s. 27). Kasusendingane ser ut til å vera utan
samanheng med funksjonen orda har i setninga. Nominativsord står
også i akkusativ og dativ: «likso svartan vinden er» (s. 10).
Ein del arkaiske nynorske skriftspråkstrekk er konsekvente:
Svake hokjønnsord får t.d. -or-ending i fleirtal: «tunnor», «fanor».
Sterke hokjønnsord har -i-ending i bunden form: «soli», «moldi»,
og det same gjeld inkjekjønnsord i bunden form i fleirtal: «stråi».
Det personlege pronomenet i tredje person fleirtal har stivna med
ei dativending, «deim», og det spelar inga rolle kva funksjon det
har i setninga: «So deim vrinskar so!» (s. 21). Dette pronomenet
blir ofte brukt som ein bunden artikkel saman med substantivet i
fleirtal: «Då deim hestom mange / rida stort» (s. 21). «Hestom»
står alltid med ei dativsending. Dei fleste andre substantiv står i
nomi nativ. Dette er sjølvsagt med på å gi teksten ein tone frå
folkedik tinga, men fordi bruken av ymse former er så konsekvent
på tvers av tradisjonell kasusstyring, er dette med på å skapa ei
kjensle av at Jimmen sitt språk er grunnleggande annleis enn
menneskespråket, det følgjer sin eigen grammatikk.
Det personlege pronomenet i hankjønn eintal er som oftast «ho-
nom», jamvel som subjekt: «Honom så digert hovud hava» (s. 29).
Men det hender også at subjektsforma er «han»: «Og herren min
han prustar òg / so innum prust han helsar meg» (s. 8). Genitivsforma
eller eigedomspronomenet er «honoms». Dette ser merkeleg ut frå
eit grammatisk perspektiv, men denne forma er ikkje uvanleg i
folkediktinga, t.d. i Olea Crøgers oppskrift av troll- og kjempe-
balladen «Åsmund Frægdegjæva»: «Så høgje han honoms houvu
av…» (Crøger 1998: 48).
I motsetnad til andre konservative nynorskbrukarar er ikkje
Jimmen redd for genitivs-s i substantiv, men han etterstiller gjerne
genitiven: «Morgon morgons», «stallen mine heimars». Dette er
den vanlege ordstillinga i norrønt og moderne islandsk, medan det
er motsett i moderne norsk. Adjektiv er også gjerne etterstilte:
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 88 6/24/13 1:43 PM