Milli mála - 01.01.2012, Síða 89
89
GRO-TOVE SANDSMARK
«fisken gamle», «vegar longe». Dette gir eit historisk og poetisk
preg, jamfør «Ormen lange» og «katten grå» (Garborg 1921–22).
Det er ikkje bare morfologien og syntaksen som er arkaisk, ordfor-
mer som t.d. «um», «so», «jau», «fljota», «ljoden» og «rida» gir
også assosiasjonar til Aasen-normalen og tidleg nynorsk dikting.
«Longe» er ei ordform ein kjenner frå dialektar i Ryfylke og Tele-
mark.
Den inkonsekvente bruken av arkaisk morfologi har altså ein
dobbelt effekt. På den eine sida korresponderer han delvis med den
stivna morfologien i folkediktinga og gir allusjonar til henne. Men
det finnest også ein inkonsekvens og konstruksjonar som ein ikkje
finn att i andre tekstar, og dette, saman med den underlege syntak-
sen, er som tidlegare nemnd, med på å skapa inntrykk av at dette
er eit eige språk med ein eigen grammatikk, og den er verken den
same som i moderne norsk eller i norrønt. Derfor er det ei grov
forenkling når Aftenpostens bokmeldar, Henning Howlid Wærp
seier at hesten uttrykker seg «i en arkaisk høystil som kan minne
om balladediktningen» (Wærp 2012). Siste del av utsegna er eg
sjølvsagt heilt samd i, slik eg har synt ovafor. Men for det første er
slett ikkje all balladedikting i høgstil, for det andre held ordforrå-
det om gras, skit, søppeltønner og kvardagsslit ikkje ein særleg høg
stil, og for det tredje er ikkje alle delar av Jimmens tekst like poe-
tiske.
4. Genesaretsjøen i søppelspannet –
ordforråd og biletbruk
Språket er gjennomsyra av universet personane er sosialiserte inn i
og omgjev seg med. Det er mange ord frå nærmiljøet, namn på
reiskaper og handlingar i fortid, nåtid og framtid. Kjørekaren sitt
språk er også prega av sundagsskulen og den religiøse oppveksten.
Væska i søppelspanna er «ein heil Genesaretsjø». Bibelsitata og
tilvisingane er som regel sitat frå systera: «Se til liljene på marken /
hvorledes de vokser, de arbeider ikke,/ de spinner ikke, seie syster mi …»
(s. 32). Slik distanserer han seg til det religiøse tankegodset, sam-
stundes som det stadig dukkar opp i teksten. Systera er innlagt på
Dale psykiatriske institusjon. Ho er full av religiøse spekulasjonar,
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 89 6/24/13 1:43 PM