Milli mála - 01.01.2012, Page 94
94
HESTEGRAMMATIKK
I tillegg til å bruka metaforar på liknande måte som Jimmen, bru-
kar mannen ein god del simili: «Som om regnet e ei hånd/ som
skrelle all skiden av. […] Som om dagane sjøl e skid/ der de flerres
og skrelles vekk…» (s. 23). Dette tydeleggjer refleksjonen. Medan
vi stundom kan vera i tvil om Jimmen verkeleg trur at kvisten er
ein venge, eller bilen ein hest, er vi fullt klar over at mannen veit at
regnet ikkje er ei hand. Similiane er også tilvisingar til andre poe-
tiske periodar. Det er kanskje først og fremst romantikken som er
kjent for dette verkemiddelet, men det gir også assosiasjonar til ein
viss type modernisme, som t.d. i Paal Brekkes «Roerne fra Itaka»:
«og latteren rislet som vann under spantene […].» (Brekke 1998:
575–578).
Det at synsvinkelen ligg hos hesten skapar ei sjklovskijsk undar-
leggjering av arbeidet og omgjevnadene slik Hennig Howlid
Wærp peiker på i ei bokmelding i Aftenposten (Wærp 2011). Den
russiske litteraturteoretikaren og formalisten Sjklovskij meinte at
språket har blitt automatisert, og at forfattaren kan bryta opp den-
ne automatikken m.a. gjenom uventa synsvinklar, og på den måten
få oss til å sjå tinga på ein annan måte og legga merke til ting som
har vore automatiserte:
Kunstens mål er å gi oss følelse for tingen, en følelse som er et syn og ikke
bare en gjenkjennelse. Kunstens virkemiddel er «underliggjørelsens»
virkemiddel og den vanskeliggjorte forms virkemiddel, som øker vanske-
ligheten og lengden av persepsjonsprosessen, for i kunsten er persepsjons-
prosessen et mål i seg selv og må derfor forlenges. Kunsten er en måte å
oppleve tingenes tilblivelse på, det som allerede er blitt til er i kunsten
uviktig. (Sjklovskij 1993)
Eit av døma Sjklovskij bruker i artikkelen «Kunsten som grep», er
Tolstojs novelle «Målestokken», der synsvinkelen ligg hos ein hest,
akkurat som her. Sjklovskij snakkar om prosa, men omgrepet hans
kan godt nyttast om dikt der dette grepet er brukt. Rimbereid
aukar underliggjeringa ved at hesten også får sitt eige språk. På den
måten blir ikkje bare orda sitt innhald, men også grammatikken og
syntaksen, underleggjort, og dikta gir ikkje bare ei oppleving av at
tinga blir ting, men av at språket i seg sjølv blir til. Dette verke-
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 94 6/24/13 1:43 PM