Milli mála - 01.01.2012, Page 98
98
HESTEGRAMMATIKK
eg-et i «Draumkvede»: «No hev eg gjenge Gjallarbrui med rapa
mold i munn» (Bugge 1998: 18).
Her er som sagt hesten sitt etterliv tydeleg knytt til folkediktin-
ga og til norrøn tru. Det siste får også ei dobbel tyding, sidan dei
norske oljefelta i stor grad har fått namn frå mytologien. Lenka
mellom oljealderen og hestealderen blir klart synleg når Jimmen
ramsar opp dei vesena han treffer på vegen. Slik eg syner i analysen
av døme X er det rimeleg å tolka dei som bilar, og denne strofa
kjem i same sekvensen.
Då deim hestom mange
nemner seg til
Hemsbles og Nedveg
og Åsgard og Valder og Sleipnir […]
(Døme XVIII, s. 21)
Det er ikkje alle namna Jimmen ramsar opp, som har tilknyting til
oljeindustrien. Nokre er visst bare namn. Dette minner litt om
«Dvergatal», som er ei oppramsing av dvergenamn utan synleg
tyding i det islandske mellomalderdiktet Völuspá, strofe 10–16
(Eddukvæði 1968: 76–77), og bygger opp under allusjonen til den
norrøne diktinga og det norrøne mytiske universet.
Jimmens visjon om å siga i jorda har samsvar i ein draum kjøre-
karen gjer greie for på s. 42. Det er dagen etter at dei har vore ute
hos grisebonden med sydrene, og mannen drøymer at Jimmen for-
andrar seg til ein gris som piler mot berget «og forsvinne onna ei
gigantisk steinhella». Han er lett til beins «som ei fjellgeit» og
minner helst om Frøys eller Frøyas galt Gyllenbuste (Eddukvæði
1968: 501),1 som kunne springa like lett til lands som til vatns og
i lufta med. I tillegg til hesten er grisene dei einaste husdyra vi
møter i samlinga. Dei er endestasjonen for den matsøpla Jimmen og
kusken leverer, øvst i resirkuleringsnæringskjeda, og slik sett i slekt
med den norrøne galten, Særrime, som blir eten kveld og livnar til
att neste morgon (Eddukvæði 1968: 153). I den store samanhengen
1 I «Hyndluljóð» i Edda seier Frøya at dvergane har laga Gullenbuste til henne: «Gullinbursti,/
Hildisvíni,/er mér hagir gerðu/dvergar tveir,/ Dáinn og Nabbi.» (Edda 1968: 501), medan Snorre
Sturlason fortel i «Gylfaginning» at det er Frøy som kjører med Gullenbuste: «En Freyr ók í kerru
með gelti þeim er Gullinbursti heitir eða Slíðrugtanni» (Snorre Sturlason 1997: Kap. 49).
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 98 6/24/13 1:43 PM