Milli mála - 01.01.2012, Page 101
101
GRO-TOVE SANDSMARK
7. Konklusjon
«Eg har sett mannen min verkeleg nedfor tre gonger i livet,» sa ei
eldre kvinne til meg, «då kvar av foreldra hans døydde, og då han
måtte slakta hesten.» Gode dyreeigarar har omsut for alle dyra sine,
men trekkdyret er ikkje bare eit objekt for det arbeidet ein gjer på
garden, det er eit medsubjekt i dei oppgåvene ein utfører i skogen,
åkeren og på vegen. For hesten og kjørekaren i Jimmen gjeld samar-
beidet heile arbeidsdagen. Det er ikkje minst dette særskilte tilhø-
vet Rimbereid belyser ved å la dyret få si eiga røyst i teksten.
Hesten som spegelbilete, samarbeidspartnar eller representant
for mennesket er ikkje noko nytt i litteraturen, og ikkje sjeldan er
det hesten som er klokast og veit best. Det mest opplagde og kjen-
de dømet er truleg «Houyhnhnmenes land» i Gullivers reiser (Swift
1969) der hestane rår og er kloke, medan menneska er primitive og
underordna. I Victor Hugos novelle «Padden» (Hugo 1995) er det
hesten som går føre med eit godt føredøme og lar vera å trø på ei
stakkars padde som nokre gutar har pint og plaga, og på den måten
syner kor hjartelause gutane har vore. Endå nærare, både i stil, tid
og geografi, er hesten i Tarjei Vesaas’ Båten om kvelden (Vesaas 1968:
9–30), som Odd Surén peiker på i bokmeldinga si i Dag og tid
(Surén 2011). I kapittelet «Slik det står i minnet», som også kan
lesast som ei sjølvstendig novelle, er motivet ein hest som trår seg
og skadar seg på hesteskosaumen. Her er tilhøvet mellom menneske
og hest sentralt. Også der får hesten delvis røyst i ein arbeidssitua-
sjon, og også denne hesten er poetisk. Refrenget til hesten er «slik
er min song», og teksten har lyriske virkemiddel som repetisjon og
rytme. Men rytmen blir broten alt etter andre lina:
Den logande svien ber hesten.
Utan ein lyd, som dei andre.
Er hos mennesket, hos mennesket
og aldri anna mennesket,
eg er hesten,
og slik er min song».
(Vesaas 1968: 29. Døme XXI)
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 101 6/24/13 1:43 PM