Milli mála - 01.01.2012, Side 102
102
HESTEGRAMMATIKK
Det er mennesket som skapar brotet i rytmen, og det får stor plass
ved å bli nemnt tre gonger. Så er også mennesket ei indirekte orsak
til brot i hesten sin rytme i eigentleg forstand, i og med at det er
mennesket som har skodd hesten og sett han i den situasjonen at
han trår seg og blir halt. Dei to menneska, faren og gutungen, prø-
ver ein etter ein å reinsa såret ved å tissa i det, men ingen av dei
klarer det. Hesten må bare stå der, avhengig av hjelp frå den som
har skapt problemet. Vesaas bruker denne episoden til å peika på
hesten og forholdet mellom mann og hest som ei tilknyting til
fortida: «Boteråder ved skade, langt frå all førstehjelp: Den hjelp
ein har sjølv. Fort og hardt. Ein gufs frå langt atti tidene: Reins det
varme såret med ditt eige salte manne-mig! Frå heiden tid er det
gjort. Om det var til hjelp eller til skade er ukjent» (Vesaas 1968:
22).
I Vesaas’ tekst har ingen av personane namn: dei er «mannen»,
«barnet» og «hesten». I Rimbereid sin tekst får vi vita kva hesten
heiter, men det er uklart om kjørekaren faktisk heiter Jeremias,
eller om det bare er noko systera kallar han. Det er ein parallell
mellom «eg er hesten» og «Eg er Jimmen», men samstundes ei
motsetning, i og med at det siste er eit særnamn. Jimmen er ikkje
noko tradisjonelt hestenamn, korkje i landbruket eller i litteratu-
ren. Med alle folkediktingsallusjonane kunne ein ha tenkt seg eit
tradisjonelt namn som Borken, Blesen, Svarten, eller eit mytologisk
namn som Sleipner eller Pegasus. Jimmen er på den eine sida eit lån
frå engelsk, på den andre sida fornorska ved ein bunden artikkel. På
Sørvestlandet er det ikkje uvanleg å danna kjælenamn av gutenamn
eller etternamn ved å legga til den bundne artikkelen: Ronnyen,
Stokkalanden. Dette blir ei slags dobbel bestemming, og skapar
auka nærleik, sidan særnamnet syner til eit bestemt individ, og den
bundne forma til noko som alt er kjent. Sjølv om Jimmen ikkje er
eit tradisjonsnamn, er det altså eit sannsynleg hestenamn og eit
realistisk innslag i verket.
Dei tydelege grammatiske og leksikalske tilvisingane til Edda-
dikting, folkedikting og salmar understreker hesten som eit litte-
rært, men også historisk vesen. Dette høver bra med tematikken i
verket at dette samspelet mellom mann og hest er i ferd med å bli
erstatta av menneskets bruk av maskinar. Og maskinane er avhen-
Milli_mála_4A_tbl_lagf_13.03.2013.indd 102 6/24/13 1:43 PM