Orð og tunga - 01.06.2007, Qupperneq 162
152
Orð og tunga
vurdere sjelve boka. Ein presentasjon og ei vurdering av cd-en er gitt
av Erla Hallsteinsdóttir (2006: 222-226), med kommentar av JHJ (2006:
234-235).
2 Tre strukturnivá
Eg deler inn strukturbeskrivinga i tre nivá, etter vanleg metaleksiko-
grafisk terminologi: megastruktur, makrostruktur og mikrostruktur.
Megastrukturen er sjolve hovudinndelinga av ordboka. Den begyn-
ner med forord og innleiing som gir ei grundig beskriving av oppbyg-
ging og sokjemoglegheiter, báde i sjolve boka og i cd-en (supplert med
skjematiske rettleiingar pá innsida av permane). Sjolve ordboksdelen
er tredelt. Forst fár vi sjolve hovuddelen i ordboka, "orðabókarlýsing":
hovudlista over oppslagsord med ordartiklar. Den legg beslag pá 842
sider. Deretter fár vi registerdelen, "orða- og orðasambandaskrá", som
omfattar alle ord som er brukte i dei ulike frasane og ordsambanda i
ordartiklane der dei sjolve ikkje er oppslagsord, med tilvising til den
artikkelen der dei stár. Den dekkjer drygt 700 sider. Til slutt fár vi sá
fire lister over "hugtakaheiti", pá islandsk, dansk, engelsk og tysk -
dei tre siste med islandske ekvivalentar. Dette er ein arv frá OH, som
har ei slik liste pá engelsk.
Makrostrukturen er glattalfabetisk i heile boka. Alfabetiseringa fol-
gjer det nyare prinsippet som er basert pá at kvar bokstav stár for seg,
altsá á separat mellom a og b og tilsvarande ved alle dei aksentuerte
vokalane. Tidlegare var det vanleg á integrere a og á, e og é, i og í osv.
med kvarandre. Somme vil meine at den nye máten gjer det vanske-
legare á finne fram. Det har med vane á gjere, sjolvsagt, men etter mi
meining gir den nye máten eit rettare bilete av det islandske skrift-
spráket - der skiljet mellom aksentuerte og uaksentuerte vokalar er
fundamentalt. Ikkje-islendingar blandar lett saman t.d. i og í, og det
er kanskje ikkje sá farleg nár dei berre skal forstá lesen tekst, men vik-
tig á unngá nár dei sjolve skal produsere tekst. At ordbokene trenar
folk opp til á skilje det som faktisk er ulikt, ser eg pá som eintydig
positivt.
I hovuddelen av ordboka har vi to typar lemma (flettur) som er
integrerte i éi alfabetrekkjefolgje: grunnord (leksem, flettiorð) frá OS
og begrep (hugtök) frá OH. Dei er skilde ved at begrepa stár med
versalar, store bokstavar, leksema med vanlege smá bokstavar, begge