Orð og tunga - 01.06.2007, Side 167
Ritdómur
157
Gísli Jónsson 2005 og Erla Hallsteinsdóttir 2005 - den islandsk-kom-
petente nordmannen Erik Simensen (1995) er eit unntak). Eg skal supp-
lere desse ved á stille meg pá den islandsk-interesserte utlendings
standpunkt. Det er ikkje mange av oss, men listene over "hugtaka-
heiti" pá framande sprák bak i boka viser jo at JHJ har tenkt pá oss
ogsá. Eg vil formulere nokre tilfeldige "utlendingsporsmál" og sjá kor
langt SOÍM hjelper meg til á finne svar pá dei - jamfort med ÍO.
Forst har eg late meg inspirere av sjolve orda orðastaður og orða-
heimur. Kva betyr dei eigentleg? JHJ har ikkje forklart dette nokon stad
eg har sett, sá det er kanskje opplagt for ein islending. Men da má det
vel stá i ordbokene. Eg slár opp.
I ÍO stár berre orðastaður, forklart som "viðræða, deila", med
domet "segja e-ð í orðastað e-s segja e-ð i stað annars, leggja e-m orð i
munn". Eit sok pá forleddsartikkelen orða- i SOÍMs hovuddel hjelper
ikkje sá mykje. Artikkelen er delt i fem tydingsgrupper, og orðastaður
stár i gruppe 5 saman med orðaskipti og ein del andre ord etter tyd-
ingsmarkoren deila. Men orðastaður er ög eige oppslag, forklart som
"viðræða" med ordsambandet "eiga orðastað við <hann, hana>", og
under ei tyding 2 i "<segja þetta> í orðastað <hans, hennar>". Dess-
utan finn vi dei same uttrykka i begrepsartiklane SAMTAL/ORÐA-
SKIPTI og UMMÆLI. Dette kan tyde pá at ordet er lite brukeleg utan-
for desse ganske faste ordsambanda.
Orðaheimur finn eg ingen stad, verken i ÍO eller i SOÍM (etter sok
báde pá sjolve ordet, forleddet orða- og etterleddet -heimur). Det kan
tyde pá at JHJ har laga ordet, og er sá samvitsfull at han ikkje vil bruke
belegg av seg sjolv som kjelde. I innleiinga til OH finn eg heller ingen
stad nokon kommentar til sjolve ordet som er namn pá ordboka. Er
ordet da sjolvforklarande for ein islending trass i at det eigentleg ikkje
"finst"? Det verkar slik, for Anna Helga Hannesdóttir (2005) gár rett
pá det i tittelen til meldinga si av OH: "Nya vágar in i ordens várld"
(alludert til ogsá av Erla Hallsteinsdóttir (2006)). Dermed er det vel
leksikalisert og má komme inn i neste utgáve?
Nár Orðastaður og Orðaheimur er slátt saman, er det da heimstaður
orða vi har framfor oss? Det kan passe, for etter JHJs filosofi er ordas
heimstad nettopp frasane, ikkje lemmalistene i ei definisjonsordbok.
Eg slár opp i ÍO, og finn ikkje noko ord heimstaður. Sá prover eg i
SOÍM, báde under heim-, heima- og heims-, utan hell. Dette ordet finst
openbert ikkje pá islandsk. Heimstad eller hjemsted pá norsk betyr, et-