Fróðskaparrit - 01.01.1970, Page 290
298
Færøysk-norsk i folkevisediktinga
Her star to motsette oppfatningar imot kvarandre. Det eine
synet er representert av Knut Liestøl, Sverker Ek og H.
Griiner-Nielsen. Det gar ut pa at Noreg var hovudlandet med
Bergen som spreiings-sentrum, og at storparten av kjempe- og
trollvisene har spreidd seg derifra til Færøyane. Det var Liestøl
som synte størst interesse for problemet, han har i fleire av-
handlingar lagt fram sine argument for dette synet. Han
byggjer nok i visse tilfelle pa dei resultat Sverker Ek hadde
kome fram til, t. d. i diskusjonen om Didriks-visene, men i
hovudsak er det eigne forskningar som ligg til grunn. Klarast
kjem dette fram i t. d. hans drøfting av Hemings-visene i
avhandlinga »Hemings-tatten« (Saga og folkeminne 1941),
i »Vestnordisk og austnordisk folkevisedikting« (Edda XVI,
1921) og i oversynsartikkelen »Det norrøne folkeviseomradet«
(Saga og folkeminne 1941). Eit par av hans argument for at
dei vestnordiske visene hadde norsk opphav, kan det vera
av interesse a minna om. I stykket om Hemingstatten (Saga
og folkeminne s. 45) peikar han pa at drag som er sams for
Geyta táttur og Heming og Harald kongjen er slikt »som ikkje
godt kann vera dikta pa Færøyane. Sermerkt for visone er at
Heming skal vera so god til a rida og hev so gjæv ein hest.
Skildringa av gode hestar og av snøgge rideferder er vanleg i
norske visor, medan dei færøyske skildrar sjøferder, og at
hesten skulde spela ei slik rolle, er uskynelegt ut ifra færøyske
tilhøve«. Kan ein rekna dette for eit tungtvegande argument?
Etter mi meining ikkje. Den nordiske balladen har i sa stor
mon henta emne frá mellomalderleg europeisk riddarlitteratur,
der riding og strid til hest var vanleg, at det skulle vera fullt
forsvarleg á hevda at skildringar av hestar og rideferder er eit
tradisjonelt episk drag, lánegods, som like naturleg kunne bli
teke opp i færøyske som i norske viser, og dette sá mykje meir
som hesten heller ikkje i Noreg har vore vanleg som ridedyr.
I artikkelen »Det norrøne fo!keviseumrádet« (Saga og folke-
minne s. 150) hevdar han om visa Haugebonden (Gullsteinur):
»Ho er norsk upphavleg, og dei færøyske variantane stend
nærast dei vest-norske uppskriftene frá Lista til Sunnfjord«.