Saga - 1972, Blaðsíða 184
182
LARS HAMRE
eit endá meir einsidig næringsgrunnlag. Ein kan vel derfor gá ut frá
at den engelske handelsverksemda pá Island ogsá stetta eit behov i
islandsk okonomi. For den islandske samfunnsutviklinga mátte det
ha særs mykje á seia at det var eit gunstig hove mellom prisane pá
eksportprodukta og pá dei varene som mátte importerast, eller med
andre ord ein positiv bytebalanse. Eit sentralt sporsmál i denne
samanheng synest á vera korleis den engelske aktiviteten og saman-
brotet for den norske monopolhandelen har verka inn pá dette. Etter
dei opplysningar som doktoranden sjolv har referert til, báde i denne
avhandlinga (s. 36 i. m.) og i sin artikkel om Fiskhandel i KLNM (IV,
spalte 370 ff.), ser det ut til at ein samtidig med at den engelske
verksemda tek til, fár ei sterk prisstiging pá torrfisk. Eit gunstig
hove mellom prisane pá eksport- og importvarer má vel ha vore den
viktigaste foresetnaden for det okonomiske overskot som gjorde geist-
lege og verdslege islandske stormenn i stand til á halda og utrusta
væpna sveineflokkar. Etter det atterhald doktoranden har teke pá
s. 22 i. i„ er det ikkje grunnlag for nokon kritikk mot han for at han
ikkje har gjeve noka samla drofting av desse problema. Han har trass
i dette pá ymse stader i avhandlinga gjeve verdfulle tilskot til loysing
av dei. Eg vil likevel i denne samanheng bera fram eit ynske om at
han má fá tid og hove til á gjeva ei samla framstelling av dei oko-
nomiske og sosiale verknadene av den engelske aktiviteten pá islandsk
samfunnsutvikling. Eit sporsmál som naturleg melder seg i denne
samanheng, er om auka etterspurnad etter fisk og fiskevarer forte
til ei storre tilstroyming av folk til fisket, og om kva slags konsekven-
sar dette fekk t. d. for busetjinga i landet. Dei opplysningane doktor-
anden gjev s. 114 f. om den sterke konkurransen om arbeidskraft,
tyder pá at ein her har á gjera med sentrale problem i samfunns-
utviklinga.
I siste avsnitt av boka har doktoranden levert eit tilskot til soga om
dei store oppdagingane, dvs. til den gamle og, som det synest, stadig
aktuelle debatten om kven som nádde fram til Amerika for Colum-
bus. Han har her teke opp eit særs vidtfemnande omráde og drofter
baskisk pelagisk kvalfangst, engelske sjoferder, sporsmálet om korleis
dei gronlandske bygdene gjekk under, ekspedisjonane til Pining, Pot-
horst og Scolvus og Olai Magni Carta Marina. Dette er emne som
synest á ha eit særskilt lag til á interessera granskarane, báde histo-
rikarar og geografar. Primærkjeldene er heller sparsame og gjev hove
til ulike hypotesar, og slike finst det dá ogsá rikeleg av i den store
litteraturen, om desse problema. Eg kan ikkje sjá at doktoranden har
greidd á tilfora granskinga nye sikre resultat pá dette omrádet. Denne
luten av avhandlinga har difort forst og fremst verdi som ei kunnig
orientering om problem, synsmátar og granskingsresultat, og i sá
máte er avsnittet avgjort fortenestfullt. Men eg har vanskeleg for
á sjá at det er nokon særleg indre logisk samanheng mellom denne
bolken av boka og resten. Sambindingslekken er sjolvsagt dei engelske
sjoferdene og engelske sjafararar. Siglinga pá Island er eit forste
steg i den engelske ekspansjonen over verdshava, og det er tydeleg