Saga - 1972, Side 181
Lars Hamre, prófessor í Osló:
Andmœli við doktorsvöm
Flutt í Reykjavik 26. júni 1971 er Bjöm Þorsteinsson
varði rit sitt Enska öldin í sögru Islendinga.
For eg tek til med min opposisjon, vil eg gjerne fá lov til á bera
fram ei takk til rektor og til det filosofiske fakultet ved Háskóla Is-
lands for den æra som er synt meg med at eg har vorte beden om á
medverka ved denne disputasen, som medlem av domsnemnda og som
opponent her i dag. Eg vil gjerne leggja til at eg har kjent farespurn-
aden om á vera med pá dette, ikkje berre som ei stor ære, men ogsá
som ei stor glede, m. a. fordi det gav meg hove til á gjera mitt livs
forste Islands-ferd. Lat meg ogsá for eg tek til med mitt opposisjons-
innlegg, beda om orsaking pá forehand om mine manglande kunn-
skapar til og skort pá tame i islandsk uttale gjer det vanskeleg for
doktoranden á kjenna att sine eigne ord nár eg prover á sitera direkte
frá boka.
I
Den avhandlinga som dagens doktorand skal forsvara for den íilo-
sofiske doktorgrad, er eit arbeid som alt pá grunn av emnevalet bor
kunna vekkja interesse hos særs mange av dei som syslar med nordisk
°8 europeisk seinmellomalderhistorie. Han har valt seg eit granskings-
objekt som má seiast á stá mykje sentralt i denne samanheng, anten
em ser det frá ein eksklusiv islandsk, frá ein nordisk eller ein europeisk
synsstad. Islandshandelen vert i 1400-ára eit problem báde i nordisk,
hanseatisk og ikkje minst i engelsk politikk, og tilhove og hendingar
Pá det islandske lokalplan kan dermed lett koma til á verta mellom-
folkeleg konfliktstoff. Heilt frá den tid dá engelske fiskarar pá leiting
etter nye fiskeméd nár fram til dei islandske strendene, vert landet
hrege inn i den store politikken. Striden om rett til á fiska og driva
handel pá Island er gjennom heile hundreáret det sentrale konflikt-
stoff i tilhovet mellom dei dansk-norske kongane og England. Den
okonomiske aktiviteten til engelskmennene pá Island kom pá ymis vis
1 konflikt med det handelspolitiske systemet som unionsmonarkiet
hadde teke i arv frá dei tidlegare norske kongane. I dette systemet var
handelen pá Island og dei andre skattlanda eit statsmonopol, og dei
farmenn som skulle draga dit, mátte ha særskilde layvebrev. Mykje
fyder pá at dette handelsmonopolet vart rekna for eit av regalia fisci,
°S den engelske aktiviteten vart difor kjend ikkje berre som eit brot
Ph akonomisk lovgjeving, men ogsá som ei krenking av kongens suve-
f®nitet og majestet. Samstundes kom tiltaka til engelskmennene i den
vassaste motstrid med eit anna viktig prinsipp i det ovannemnde
andelspolitiske systemet, Bergens posisjon som stapel for torrfisk-