Saga - 1972, Page 183
ANDMÆLI VIÐ DOKTORSVÖRN
181
lovord frá denne staden. Til dette kjem at han skriv lett og godt,
slik at boka hans, i alle fall for meg, har vore underhaldande lesing.
I min vidare opposisjon vil eg forst ta for meg somme sporsmál i sam-
band med avhandlinga reint allment. Deretter vil eg koma med ymse
merknader og motlegg til einskilde detaljar i arbeidet.
II
I innleiinga har doktoranden gjort greie for i'oremálet med avhand-
linga. Det heiter her (s. 13 i. i.): „Þessu riti er ætlað að skýra dálítixui
þátt Islandssögunnar og varpa ljósi á einstök atriði alþjóðlegra sam-
skipta á Vesturlöndum við mót miðalda og nýja timans." Etter mitt
skjon er dette eit klárt understatement, boka gjev i roynda mykje meir
enn her er sagt. I sá máte er báde doktorandens forskingsprogram
og dei resultat han har nádd fram til, betre uttrykt i sjelve tittelen pá
boka: „Enska öldin í sögu Islendinga". Faktisk har doktoranden i
avhandlinga si gjeve ei samla oversyn over Islands historie i det 15.
árhundre, og her har han dá pá mange máter gjort eit pionér- og
nybrottsarbeid som det er all grunn til á rosa han for. Doktorandens
hovudsynspunkt pá den historiske utviklinga kjem tydeleg til ords
báde i boktittelen og elles. For han er den okonomiske aktiviteten til
engelskmennene den nye og sentrale drivmakta i islandsk historie i
denne perioden, og det er difor naturleg for han á sjá dei ymse pro-
sessar og hendingar i den tids islandske samfunn i relasjon til denne.
Eit slikt aspekt pá den historiske utviklinga kan vera mykje gjevande
°g skapa grunnlag for særs fruktbare problemstillingar. Men om det
vert altfor dominerande, kan det ogsá lett fore til at somme ársaks-
faktorar vert skuva til sides, og at somme sider ved den historiske
framvoksteren ikkje kjem inn i synsfeltet til vedkomande granskar.
Eit positivt resultat av doktorandens hovudsynspunkt er at han heile
tida ser utviklinga i islandsk historie og okonomi i ein allmennhisto-
risk samanheng. Dette er tvillaust rett. Prisen pá skreien og dei andre
islandske eksportprodukta var avhengig av utviklinga pá den europe-
iske marknaden, det same galdt for korn og andre varer som islend-
■ngane trong til á importera.
Doktoranden har i det heile lagt stor vekt pá á trekkja opp báde dei
allmenneuropeiske og dei særskilt engelske foresetnadene for den
okonomiske aktiviteten til engelskmennene pá Island. Men det seier
seg sjolv at det ogsá má ha funnest særskilde, stadige eller temporære,
foresetnader for denne handelen i landet sjolv, og eg skulle gjerne ha
sett at doktoranden hadde teke desse foresetnadene opp til nærare
drofting. Sá vidt eg kan sjá, har ein her á gjera med eit avsetnings-
°g tilforselsproblem som má ha spela ei sentral rolle for det islandske
samfunnet i heile seinmellomalderen. Landet har eit klárt eksport-
overskot pá ei rekkje varer og er pá den andre sida særs avhengig av
tilforsler báde for á kunna brodfo seg og for á kunna halda oppe
sin levestandard og kultur. Det er rimeleg á trekkja ein parallell med
dei samtidige tilhova i fiskedistrikta i Nord-Noreg, endá om dei hadde