Saga - 1972, Qupperneq 185
ANDMÆLI VIÐ DOKTORSVÖRN
183
at doktoranden er sterkt fascinert av nettopp dette stoffet. Eg vil like-
vel tru at han ville ha státt seg pá & publisera dette siste avsnittet
som eit eige arbeid, b&de fordi dette er eit anna granskingsomráde,
og fordi hans innsats her i mindre grad enn i dei andre avsnitta har
karakter av pionér- og nybrottsarbeid.
Nár det gjeld litteraturlista til doktoranden, sá má eg seia at eg der
saknar ei rekkje arbeid som eg kjenner meg overtydd om at doktor-
anden ville hatt god nytte av i sitt arbeid. Det gjeld t. d. den mest
utforlege framstellinga av norsk historie i denne perioden, bd. III 1
og 2 i Norges historie fremstillet for det norske folk av A. Taranger.
I dette verket har Taranger ogsá skrive om den engelske islandshan-
delen og dei problema denne forte med seg av diplomatisk og folke-
rettsleg karakter. Det gjeld vidare dei nyaste store oversiktsverka om
nordisk kyrkjehistorie, Den danske Kirkes Ilistorie, der Niels Knud
Andersen har skrive om seinmellomalderen, Svenska kyrkans histo-
ria bd. II av Yngve Brilioth, og Oluf Kolsrud, Noregs kyrkjesoga. Her
ville doktoranden ha funne opplysningar om og framom alt synsmátar
Pá samtidig kyrkjepolitikk som nok kunne ha hjelpt til á skapa eit
noko meir nyansert syn pá somme historiske hendingar. Hos Brilioth
vilie han dessutan ha funne opplysningar om Jón Gerekssons erke-
bispetid i Uppsala. Men ogsá somme kyrkjehistoriske spesialavhand-
lingar som doktoranden ville hatt nytte av, saknar ein i litteraturlista.
Het gjeld eit arbeid som P. G. Lindhardts Danmark og reformkoncl-
lierne og framom alt Oluf Kolsruds monografi om Marcellus. Dette
arbeidet vart publisert i Syn og Segn 1911—12, men finst ogsá i sær-
Prent. Viktige opplysningar om Marcellus og hans innverknad pá
Christiern I’s politikk finst ogsá i Johannes Lindbæks avhandling
I’avernes forhold til Danmark under kongerne Kristiern I og Hans,
eit arbeid som heller ikkje er kome med pá doktorandens litteratur-
liste. Pá denne er, som rett og rimeleg er, Johan Schreiners verk om
Hanseatene og Norge i det 16. árhundre teke med, men ein saknar
Hanseatene og Norges nedgang av same forfattar. I dette meir over-
synsprega verket ville doktoranden tvillaust ha funne ymist av inte-
fesse for emnet sitt. Det ville vel ogsá ha vore rimeleg om doktoranden
mellom litteraturen i denne samanheng hadde hatt med O. A. Johnsens
Norwegische Wirtschaftsgeschichte. Eg synest det er særlig grunn
til á nemna desse oversynsverka av okonomisk og handelshistorisk
karakter fordi doktoranden sjolv i innleiinga (s. 16 i. m.) har peika
Pá at norske granskingsarbeid pá desse omráda kan vera av særleg
interesse ogsá for islandsk gransking.
Nár det gjeld litteraturen til avsnittet om oppdagingsferdene etc.,
fiet siste i boka, har eg færre innvendingar. Men eg synest det hadde
v°re rimeleg om doktoranden hadde nemnt Gustav Storms gransk-
lr>gar pá dette omrádet og særskilt dá dei to arbeida om Sofareren
Johannes Scolvus og hans Beise til Labrador eller Gronland (i NHT 2.
r- V) og Nye Efterretninger om det gumle Groland (i NHT 3. r. II).
Eit arbeid som det har undra meg ikkje á finna oppfort pá littera-
i-Urlista, er Oluf Kolsruds bisperegister, Den norske Kirkes Erkebisk-