Saga - 1972, Blaðsíða 186
184
LARS HAMRE
oper og Biskoper indtil Reformationen, prenta som tillegg til band
XVII av Diplomatarium Norvegicum. Her har den lærde kyrkje-
historikaren samla alle tilgjengelege hovuddata om alle biskopar i
Provincia Nidrosiensis og samstundes gjeve tilvising til alle dei stader
i DN der vedkommande er nemnd. Kolsruds bisperegister er eit
umissande hjelpemiddel nár ein skal arbeida med mellomalderleg
kyrkjesoge, og det ser for meg ut til at doktoranden kunne ha unn-
gátt eit par feil og mistydingar om han hadde slátt opp i det.
Til desse innvendingane som eg har kome med, vil nok doktoranden
med god rett kunna svara at det má vera grenser for den litteratur-
kjennskap og forskingsorientering ein kan krevja av ein historikar.
Eg er samd i det; men eg má likevel halda fast ved at eg trur doktor-
anden under arbeidet med denne avhandlinga ville hatt báde gagn og
glede av ei noko breiare orientering i nyare dansk, svensk og norsk
litteratur enn litteraturlista hans eigenleg ber bod om.
Eg tenkjer i denne samanheng ikkje berre pá litteratur som bein-
veges krinsar inn pá doktorandens emneomráde, men m. a. ogsá pá
dei nye synsmátane pá den nordiske unionen og det nordiske unions-
monarkiet som særleg den svenske historiegranskaren Erik Lönn-
roth har gjort seg til talsmann for. Han ser pá den eine sida fram-
voksteren av Kalmarunionen som eit nordisk forsvarstiltak mot den
nordtyske ekspansjonen. Pá den andre sida ser han reisingane mot
Erik av Pommern ikkje som eit utslag av nasjonal sjolvhevding, men
som ein reaksjon mot den sterke kongemakta, mot det regimen regale
som Margrete hadde skapt og som kong Erik sjolv provde á konsoli-
dera og byggja vidare ut. Leiarane for denne reaksjonen var det
verdslege og det geistlege rádsaristokratiet, og deira statsideal var eit
rádskonstitusjonalistisk regimen politicum der suvereniteten lág hos
riksráda, og der kongedomet hadde ein klárt embetsmessig funksjon.
Reisingane mot Erik av Pommerns monarki forte til eit samanbrot for
dette. Men tanken om ein nordisk union var stadig levande, og ein kan
vel seia at Christoffer av Bayerns styringstid pá mange mátar repre-
senterer ei realisering av den konstitusjonelle unionen der riksráda
styrte kvar i sitt land. Eg kan vanskeleg skjona anna enn at det er
rimeleg á sjá det som doktoranden særs rákande kallar Alveldi Eng-
lendinga ogsá i samanheng med og pá bakgrunn av reaksjonen mot og
samanbrotet av den sterke kongemakta. Sambandet med skattlanda
ser for meg ut til á ha vore ei sak som frá gammalt i hovudsaka sor-
terte beinveges under kongen, og der riksrádet sjeldnare vart drege
inn. Ein ser dá ogsá at nye tiltak frá statens side kjem samstundes
med at Christiern I har fátt fast tak pá den norske krona (avhandlinga
s. 184 f.). I intimasjonen til Lönguréttarbót heiter det rett nok at
denne er utferda med rád og samtykke av várt elskelege rád av Noreg
som no var her hos Oss (NGL 2 r. II, nr. 30; DI V, nr. 55); men det
sporst om det her er tale om andre enn Marcellus og biskop Gottskalk
av Hólar, sem báe i embets medfor var sjolvskrivne medlemer af riks-
rádet.
Det hoyrer til dei mykje interessante og særs fortenestfulie ting