Saga - 1972, Blaðsíða 188
186
LARS HAMRE
jorda etter sin dod, og som sjolv etter dauden er sá fylt av vondskap
at han oyder alt liv i det vatnet der den daude lekamen vert sokkt
ned. Det kan nok i denne samanheng nemnast at det hos somme
kanonistar i utgáande mellomalder, i samband med diskusjonen om
kva vond vilje og overlegg hadde á seia ved vurderinga av brotsverk
og i tilknyting til orda instigante diabolo, finst ein tendens til ei
restringerande tolking av privilegium canonis, slik at det for at gjer-
ningsmannen skal verta excommunicatus ipso facto ogsá krevst
dolus malus hos vedkomande (Plöchl, op. cit., s. 385). Men desse
teoriane hoyrer helst til litt seinare i hundreáret, og det er lite tenkje-
leg at dei kan ha spela noka rolle i denne samanheng. At pavestolen
har rekna med at dei som var med pá ugjerninga i Skálholt, auto-
matisk var falne i bann, gár ogsá fram av ordlyden i pavebreva frá
1448 og 1474 (DI IV, nr. 751, V, nr. 653). Særskilt det siste av desse
pavebreva syner at dette má ha vore ei sak som enno over 40 ár etter
skapte uro og otte hos mange. Sporsmáiet vart nemleg lagt fram for
paven av kong Christiern sjolv som talsmann for sine undersáttar
dá han under si Italia-ferd i 1474 var i audiens hos paven. Det kan
elles vera verdt i denne samanheng á peika pá at det pavelege man-
datet frá 1474, som her má referera kongens framstelling, samstem-
mer med Jón Egilssons forteljing om at biskop Jón vart drepen medan
han heldt messe („missarum et diuina officia tunc celebrantem -— -----
interfecerunt"). Sporsmálet melder seg dá om Jón Egilsson kan ha
kjent pavebrevet i original eller i alle hove ha hatt kjennskap til inn-
haldet i det.
III
Eg har alt tidlegare i denne opposisjonen hatt hove til á peika
pá at det kjeldetilfanget doktoranden byggjer avhandlinga si pá, set
store krav til granskaren, krav báde av filologisk, diplomatarisk og
kjeldekritisk karakter. Det er difor gledeleg á kunna konstatera at
hans bruk av desse kjeldene stort sett er god og forsvarleg. Men
ingen kan rekna med á vera fullkomen, og det er difor ikkje til á
undrast over at ein ogsá i dette arbeidet finn stader der ein har hug
til á etterlysa ein meir djuptgáande penetrasjon i kjeldene og storre
akribi. I somme hove er det berre tale om ei noko upresis attgjeving
av det som stár i kjelda; men i andre tilfelle er det tale om verkelege
feiltolkingar. I det fylgjande skal eg ta for meg nokre stader i av-
handlinga der eg meiner det kan vera grunn til á setja sporsmáls-
teikn ved eller reisa motmæle mot doktorandens kjeldeinterpretasjon.
S. 78 i avhandlinga drofter doktoranden ei forordning frá 7. mai
1425 med forbod mot at tyskarar og andre utlendingar sigler til Há-
logaland, Finnmark, Island eller andre skattland. Kongebrevet som
inneheld denne forordninga, er utferda pá Akershus og innsigla með
kongens sekret. I narratio vert det sagt at opplysningar om denne
trafikken har vore lagde fram for kongen og hans rád. Dokumentet
íinst ikkje lenger i original, berre i avskrifter frá 1500-talet. Dei fleste
synest á vera blitt til i Bergen, og i alle fall ei av desse (i AM 330)