Saga - 1972, Síða 189
ANDMÆLI VIÐ DOKTORSVÖRN
187
er avskriven etter ei eldre lovbok (NGL IV, s. 522 f.). Nár ei avskrift
ogsá finst mellom privileg for hansebyane i det danske riksarkivet,
er det rimeleg á tru at denne avskrifta er komen dit i samband med
tingingar pá 1500-talet.
Dette dokumentet byd pá ymse intrikate kjeldekritiske problem som
doktoranden ikkje synest á vera merksam pá. I alle hove nemner han
ikkje noko om dei, men godtek utan vidare dokumentet som ei til-
forlateleg kjelde. Det er, som alt nemnt, utferda av kong Erik av
Pommern pá Akershus den 7. mai 1425. Men pá det tidspunkt var
kongen i det heile ikkje i sitt rike. Forst 24. mai vende han over Stral-
sund attende til Danmark frá si pilegrimsferd til Det heilage landet
(Erslev, Erik av Pommern, s. 108). Dette har A. Taranger peika pá i
ein note til si utgáve av dokumentet i NGL 2. r. I, s. 116 ff., eit arbeid
som doktoranden forer opp pá si liste over kjelder. Kongebrevet lyt
dá anten vera eit falsum eller det má vera utferda av andre i kongens
namn. Taranger tenkjer seg at det kan vera utferda av det norske riks-
rádet. Det má dá ha hatt spesialfullmakt anten frá kongen eller frá
dronning Filippa som var regent i kongens frávær. Men det kan vel
og tenkjast at dronninga som váren 1425 oppheldt seg i Sverige, etter
konferanse med norske riksrádar har gjeve det norske kanselliet pá-
!egg om á utferda eit slikt brev i kongens namn. Ein vil dá her ha á
gjera med eit skilje mellom actum og datum (scriptum) som vi elles
kjenner frá europeisk brevskikk i tidleg mellomalder. Brevet er ut-
ferda etter den vanlege formelen for gammalnorske kongebrev med unn-
atak av scriptum-formelen i eskatokollen. Dronninga synte som regent
'kkje lite initiativ i norske saker, truleg etter foreteljing frá det
norske riksrádet (Hamre, Norsk historie frá omlag 1400, s. 85). Bak-
grunnen for dette var uro og misnoye mellom allmugen over nye og
uvanlege pálegg og umilde futar.
Kongebrevet frá 7. mai 1425 har i tillegg til dispositio ein dobbel
eller tviledda iniunctio. Forste ledd inneheld eit pálegg til fehirden
i Bergen og kongens andre ombodsmenn, kvar i sitt ombod, at dei skal
reisa sak (sockia theim thiill retta) mot dei som bryt forbodet mot
^ sigia til skattlanda, og sameleis mot slike som forer dei dit. Dette
siste leddet má vera retta mot medverknad. Ombodsmennene má ikkje
iata anten gjerningsmenn eller medverkarar (huario thueggia) dra sin
Veg for enn dei har betalt kongen eller hans ombodsmenn sá mykje
som lova fastset (inngenn stadtz ornfara, forennd their haffua giort
°ss heiler vorum vmbodtzmonnom sua mokit, som lougenn vth vijs-
8er). Meininga er at vedkomande ikkje má fá lov til á dra frá staden
for dei har sona den straff som lova fastset. Dei lovstader det her er
v*st til, má vera ei kongeleg godkjend vedtekt for Bergen frá 1306
ÍNGL III, nr. 53 og IV, s. 360) og ein skipan frá 1348 (NGL III, nr. 83).
Straffa er etter báe inndraging av alle varer til beste for kongen; men
Vedtekta frá 1306 opnar ein utveg til á fá att godset mot á betala
Verdien av det halve. Her er det sáleis tale om store fiskale interesser,
°g pábodet har til foremál á sikra desse. Det er dá samstundes eit
f°rbod mot at kongens ombodsmenn gár med pá avtinging eller