Saga - 1972, Qupperneq 192
190
LARS HAMRE
til provisjonsbullen for ettermannen (sjá dei for nemnda doma frá
DN XVII), sjeldnare, slik som her, ogsá i translasjonsbullen.
Heller ikkje Jón Craxtons obligasjon til det apostoliske kammer og
kardinalkollegiet 27. mai 1435 er personleg, men utferda pá hans veg-
ner og i hans namn (vice et nomine) av Thomas Chapman, skatt-
meister ved kyrkja i Limoges (DN XVII, nr. 525 = DI VIII, nr. 29)-
Namnet pá prokuratoren hoyrest engelsk ut, og Limoges ligg dá ogsá
i eit av dei franske omráda som tidlegare hadde vore under britisk
styring. Om Jón Bloxwichs obligasjon 6. juli vert det derimot eks-
plisitt sagt at den skjedde personaliter (DN XVII, nr. 528 = DI VIII.
nr. 31). Det er mogeleg at den nye Skálholtsbiskopen sjolv har betalt
inn forste terminen av commune servitium 17. juni 1435 (DN XVII, nr.
527 = DI VIII, nr. 30), men det er slett ikkje særleg truleg.
Nár biskop Jón Craxton i translasjonsbullen (DN XVII, nr. 521)
fár pálegg om á gjeva sin obedienseid til biskopen i Bergen eller
til Færoy-bispen, sá er dette eit nytt prov pá at han pá denne tid ikkje
var ved kuria. Hadde han det vore, ville det vore rimeleg á avkrevja
han eiden beinveges og ikkje gá omvegar. Den eiden det her er tale
om, er den fidelitets- og obedienseid til paven som ein finn formula-
ret til i Liber extra c. 4 X de iureiur. II 24. Denne eiden skal utferdast
som eit ope brev, innsiglast med seglet til eidsavleggjaren og sendast
til paven sá snart rád er (Herluf Nielsen i KLNM III, sp. 502). I dette
hovet vart eidsformularet send til biskop Jón saman med translasjons-
bullen. I andre hove plar eidsformularet fylgja med det pavelege
mandatet til eidsmottakarane (t. d. DN XVII, nr. 471).
I det stutte konsistorialreferatet om saka i Obligationes (DN XVII.
nr. 519 = DI VIII, nr. 26) heiter det at paven 5. januar foretok trans-
lasjonen av biskop Jón i Hólar til Skálholt ad relacionem domini
cardinalis de Vrsinis. Eadem die et relacione providerte paven Jón
Bloxwich til ny biskop i Hólar. Det er sáleis klárt at doktoranden har
rett i at desse to avgjerdene stár i den næraste samanheng. Kardinal
Orsini som har hatt referatet i saka, var pá denne tid ein av dei eldste
og mest hogvyrde medlemer av kardinalkollegiet, kjend báde som diplo-
mat og som ein lærd humanist og boksamlar. Giordano Orsini, latinisert
jamleg Jordanus Ursinis, hoyrde til den vidgjetne romerske adelsætta Or-
sini. Han vart alt i 1400 erkebiskop i Neapel og i 1405 vart han medlem
av kardinalkollegiet, forst som kardinalpresbyter tit. s. Martini, seinare
— frá 1409 — med tit. s. Laurentii in Damaso. Frá 1412 var han kar-
dinalbiskop av Albano og frá 1431 av Sabina. Han var ogsá protektor
for minorittarordenen. Han doydde i 1438. (C. Eubel, Hierarchia Cat-
holica; Jöchers Allgemeines Gelehrten-Lexicon III, sp. 1107 f.; L-
Pastor, Geschichte der Pápste I, s. 207 f.) I noko seinare tid, i alle
fall, er det vanleg at dei dansknorske kongane har sin særskilde pro-
tector cardinalis ved kuria, og denne har dá jamleg referat i saker
frá provinsane Lund og Nidaros (Lindbæk, op. cit., s. 54 f., 101, 119i-
Ei rekkje embetsutnemningar vert i Christiern I’s tid avgjorde ad
relacionem reverendissimi domini Mantuani, dvs. Francesco Gonzaga,
systerson til dronning Dorothea (sjá t. d. DN XVII, nr. 683, 691, 701).