Saga - 1972, Síða 194
192
LARS HAMRE
og kunne heller ikkje fá stonad frá konsilet for sitt standpunkt i
erkebispestriden i Uppsala fordi dette stod i kvass motstrid med dei
det ei normalutferding som med visse awik i formlane er om lag
identisk med t. d. tilsvarande for Bergen i 1431 (DN XVII, nr. 485) og
for Stavanger i 1426 (DN XVII, nr. 451). Jamvel ein nyprovidert
biskop til Gardar fár det same imponerande utstyr med pavelege
fylgjebrev (DN XVII, nr. 515). Denne praksis viser vel pá den eine
sida at ein ved kuria hadde heller lite lokalkunnskap til kyrkjene i
utkantstroka, pá den andre at adminstrativ praksis ved kuria var
særs fastlagd, og endeleg representerte utferdinga av slike brev spor-
telinntekter for kansellipersonalet. Det gjeld likevel ikkje i Johannes
Scheffchins tilfelle. Breva vart her etter pavens avgjerd utferda gratis.
Den nye Hólarbiskopen oppnádde ogsá ein viss moderasjon med di han
slapp á betala gebyra for innsigling og registerforing (DN XVII, nr.
520, 524). Jón Craxton mátte derimot betala fullt ut.
I samband med translasjonen av biskop Jón Craxton til Skálholt
set sá doktoranden fram sin pástand om at biskop Jón Gereksson hafi
gerzt konungs- og kirkjuþingamaður í biskupsembættinu á Islandi (s.
145 f.). Dette er ein mykje interessant liypotese; men sporsmálet er
om han er haldbar reint kronologisk. Det má vel vera noksá opplagt
at eit eventuelt samband mellom Skálholtsbispen og Basel-konsilet
helst lyt ha gátt via kongen i Danmark. At Jón Gereksson, som alt
sommaren 1430 var komen til Island, skulle ha hatt beinveges sam-
band med konsilet i Basel, synest mindre truleg. No syner Lindhardts
granskingar at det tok tid for det kom i stand noko samband mellom
Danmark/kong Erik og Basel-konsilet (Lindhardt, Danmark og reform-
koncilierne, s. 68 ff.). Erik av Pommern hadde frá dronning Margrete
teke i arv det tradisjonelt gode tilhove til kuria som var etablert av
Valdemar Atterdag, sjalv om dette kunne verta noko komplisert av
hans nære tilknyting til keisar Sigismund. Sommaren 1432 var det í
Basel tale om á senda utsendingar til Danmark; men forst i oktober
vart det vedteke at ei sendeferd skulle dra av stad. Det var prosten
av Breslau og minorittarprovinsialen av Sachsen, og dei kom forst til
Danmark váren 1433. Det forste kjende brevet frá kong Erik til kon-
silet, eit brev der han godtek det og lovar á senda utsendingar dit,
er frá 29/6 1433 (Lindhardt, op. cit., s. 69, 72). Hans tilslutning synest
i hog grad motivert av pavens framferd i erkebispestriden i Uppsala.
Lindhardt meiner at det er „troligt, omend ubevisligt, at man allerede
sommeren 1433 droftede afsendelsen af et gesandtskab til Basel“.
Men dei to utsendingane, biskop Ulrik Stygge i Arhus og biskop
Nicolaus Ragvaldi i Váxjö, kom ikkje av stad for pá nyttáret 1434. Dei
var i Basel i februar (Lindhardt, op. cit., s. 74). No vart Jón Gereksson
etter dei fleste kjelder drepen sommaren 1433, og doktoranden synest
helst á vilja datera drapet endá noko tidlegare (s. 128 i.i.). Det má
difor synast mykje tvilsamt om han i det heile har fátt tid og hove
til á ta standpunkt til striden mellom pave og konsil for han vart
ráka av sin ulukkelege lagnad.
For kong Erik vart elles Basel-konsilet eit vonbrot. Han fekk ikkje