Saga - 1972, Side 196
194
LARS HAMRE
S. 181 f. gjev doktoranden uttrykk for eit syn pá den norske konges
makt ved bispeval som det vel má setjast eit sporjeteikn ved. Det
heiter her (s. 181 i. m.):
--------samkvæmt fornum samningi konungs og kirkju í norska
ríkinu leyfðist erkibiskupi í Niðarósi ekki að vígja biskup án stað-
festingar konungs.
Liknande synsmáter kjem til ords litt lenger fram (s. 182 i. m.):
Það var uppreist gegn konungi að skipa nýjan biskup á Skálholts-
stól gegn hans samþykki,-----
Med fornum samningi konimgs og kirkju í norska ríkinu má vel dokt-
oranden meina Tunsbergkonkordatet eller Sættargjerda frá 1277 som
vel er det einasta kjende dokument som kan fortena ein slik karakteri-
stikk. Om Sættargjerda pá dette tidspunkt (1449) vart rekna for á
vera gjeldande rett, har som kjent vore omdiskutert (K. Helle, Norge
blir en stat, s. 180 f.). Vi veit at Aslak Bolt ved ymse hove viste til
Sættargjerda (Compositio) som rettsheimel (NGL 2. r. I, s. 551; DN
XXI, nr. 452), og han fekk den godteken i Karl Knutssons norske
handfesting (NGL 2. r. II, nr. 5). Christiern I godkjende den forst ved
stadfestinga i Skara 1458 (NGL 2. r. II, nr. 81). Men eg kan ikkje
skjona at faresegnene i Sættargjerda kan tolkast sá vidtgáande. Ved-
komande stad i Sættargjerda, artikkel 4, fastset at kongen ikkje skal
blanda seg inn i bispe- og abbedval. Men for enn valet vert konfirmert,
skal kongen ha melding om det med korsbrodrar frá same kyrkje eller
eit anna hoveleg sendebod, om ikkje dá kongen sjolv er til stades. I
sá fall skulle electus i samsvar med skikk og bruk presentera seg
personleg for kongen (NGL II, s. 464, 471, 478 f.). Denne foresegna
gjev sjolvsagt kongen hove til á koma med motmæle mot valet, men
gjev han ingen ius consentiendi eller confirmationis. Ein slik rett som
doktoranden nemner, gjorde vel Sverre og somme av hans ettermenn
krav pá á ha, og det er klárt at Erik av Pommern hevda ein slik rett.
I samband med striden om erkebispevalet i Uppsala vart det sáleis
skrive til paven at „archiepiscopi uel episcopi horum trium regnorum
debeant eligi iuxta regis consilium et regiam voluntatem" (NGL 2- r-
I, nr. 284). Men eit slikt program kunne berre gjennomfarast i nært
samband med paven, slik at han sette kongens ynske med omsyn til
personval i verk mot á fá hoveleg godtgjersle. Men under den ráds-
konstitusjonelle reaksjon mot det sterke unionsmonarkiet gjennomforte
alle de nordiske kyrkjene i samsvar med reformdekreta frá Basel frie
kanoniske val utan innblanding frá konge eller pave. Dekretet frá
13/7 1433 (NGL 2. r. I, nr. 285) vart det referert til som gjeldande rett
ved eit norsk bispeval alt i 1434 (NGL 2. r. I, nr. 294). I eit valdekret
frá Stavanger utferda i 1445 er det berre tale om erkebiskopens god-
kjenning av valet. Korkje om konge eller pave vert det nemnt eit ord
(NGL 2. r. I, nr. 333). I sine forste regjeringsár hevda Christiern I
pá nytt kongens samtykkerett i strid báde med paven og den heimlege