Saga - 1972, Síða 197
ANDMÆLI VIÐ DOKTORSVÖRN
195
kyrkja, men mátte i 1458 — som for nemnt — godta Sættargjerda. Eg
trur difor ikkje at det var omsynet til kongemakta som hindra Aslak
Bolt i á utpeika ein ny biskop til Skálholt under interregnet i 1448/49.
Men pá denne tid hadde paven i Roma pá nytt fátt att si gamle makt,
°g fyrstar og kyrkjer fann det naudsynt á knyta att dei banda som
hadde vorte loyste under Basel-konsilet. Noko av det sjalvstende som
den norske kyrkja hadde vunne under Aslak Bolt og Basel-konsilet,
vart likevel stáande ved lag og vart godteke av kongemakta i og med
stadfestinga av Sættargjerda i 1458. Difor hadde denne kyrkja ein
mykje meir sjolvstendig posisjon i dei siste tiára av 1400-talet enn i dei
forste. Det er rimeleg á tru at dette ogsá har hatt sitt á seia for til-
hova pá Island.
Etter sá mykje kyrkjehistorie hover det á gá over til eit emne av
noko meir profan karakter. Det gjeld doktorandens bruk av ordet
riddari.
S. 186 i.i. skriv han at kong Christiern I slo (dubba) Torfi Arason
til riddar. Som kjelde viser han til DI V, nr. 57, dvs. til det adels- og
vápenbrevet som vart utferda 29. november 1450. Dette fylgjer heilt
dt den vanlege formelen som vi kjenner frá ei heil rekkje liknande
brev. Brevvisaren og hans ektefodde avkom etter han fár „friheedt
och frelse som andre wore riddere och suenne haffue vdj wortt riige
Norrige" og dertil skjold og hjelm. Dette er ein fast formel for til-
deling av adeleg fridom og rett, men tyder ikkje at vedkomande
vert riddar. Riddartittel og -vordnad vert i det heile ikkje gjeve
hied brev, men med det seremonielle riddarslaget. Dette vert i denne
tida berre utdelt ved store fester, i all hovudsak ved kronings-
festane. At ein mann er riddar syner seg i kjeldene ved at han sjolv
hemner seg riddar eller miles og ved at andre omtalar han med desse
hemningane eller gjev han predikatet herre eller dominus. No er Torfi
Arason nemnd i ei rekkje brev frá tida etter 1450, men her heiter han
jamleg av vápen (DI V, nr. 126, 134, 135). Dette er i alle dei nordiske
landa den faste nemninga for ein væpnar, dvs. ein adelsmann som
ikkje har fátt riddarslag.
Bet same mistaket finn ein ogsá s. 228 i.f. i omtalen av hirdstjoren
í’orleifur Björnsson som i samband med sitt opphald i Noreg i 1481
vert kalla riddar. Kjeldene syner til evidens at dette ikkje er tilfelle.
^orleifur Björnsson vart pá eit mote som det nordafjelske riksrádet
^eldt i Bergen seinsommaren 1481 under interregnet etter kong Christ-
lerns dod báde oppteken som medlem av riksrádet og fekk lensbrev
Island og Vestmannoyane. Dette var tiltak som riksrádet sette i
Verk pá eiga hand, og motet innleier den reaksjonen mot kong
Christierns politikk som rádet gjorde seg til talsmann for. Þorleifur
jörnsson som var til stades saman med biskop Olav i Hólar, er
truieg den siste verdslege islandske hovding som vart norsk riksrád.
lensbrevet og i eit anna brev utferda av riksrádet vert han kalla
Veiborinn mann (DI VI, nr. 360, 361) utan noko tillegg av riddar eller
erre. Sjalv var han med pá á utferda eit brev frá riksrádet til Ltibeck.
ette brevet datert Bergen 12. september 1481 er trykt etter originalen