Rit Búvísindadeildar - 01.07.1992, Blaðsíða 71
Forskar Lars Nesheim
Vágones forskingsstasjon
N-8000 Bode
Forsking i behandling, bruk og utnytting
av husdyrgjodsel i Noreg
Innleiing
Ein særs stor del av husdyrgjodsla i Noreg er blaut storfegjodsel som vert
koyrt ut med tankvogn, og som eg har gjort greie for i eit anna innlegg pá dette
seminaret (Nesheim 1992a), er det fleire problem som er knytt til kombinasjonen
blautgjodsel og tankvogn. Mykje av forskinga har difor som foremál á betre
eigenskapane til husdyrgjodsla, redusere næringstap og betre spreiemetodane. I
dette innlegget vil eg gi eit oversyn over forsking med husdyrgjodsel som er utfort
dei siste ára, eller som er i gang no. Eg vil nemne dei viktigaste institusjonane
som arbeider med husdyrgjodsel. Vidare vil eg syne enkelte resultat, og elles vise
til resultat som er publiserte.
Institusjonar som arbeider med husdyrgjodsel
Ved Noregs Landbrukshogskole (NLH) vart det i 1989 sett i gang eit femárig
forskingsprogram med husdyrgjodsel, delvis finansiert av Noregs
Landbruksvitenskapelege Forskingsrád. I alt fem institutt deltek i programmet;
Institutt for jordfag, Instituttfor husdyrfag, Institutt for bioteknologifag, Institutt
for tekniske fag og Institutt for landbruksokonomi. Skjelhaugen (1990) har gitt eit
oversyn over foremál og planar for forskingsprogrammet, eg vil her nemne kort
kva oppgáver dei enkelte institutta arbeider med.
Institutt for jordfag har sett i gang delprosjektet "Virkning av husdyrgjodsel
pá avling og forurensing". Mellom anna vert de tundersokt verknad av ulikt
behandla og lagra husdyrgjodsel pá avling og næringstap. Institutt for husdyrfag
undersokjer kva faktorar som páverkar kjemiske og fysiske eigenskapar til
husdyrgjodsla. Nedbryting av fiber og hindring av slimdanning i husdyrgjodsel for
á redusere tiltetting av jord er to av fleire oppgáver som Institutt for
bioteknologifag arbeider med. Eit av prosjekta ved Institutt for tekniske fag er
kalla "Skilthandtering av husdyrgjodsel". Mellom anna gár det ut pá á vurdere og
prove ut metodar for drenering, separering og torrkompostering av husdyrgjodsel.
Instituttet arbeider og med vátkompostering av blautgjodsel, og med spreiemetodar
65