Nordens Kalender - 01.06.1938, Blaðsíða 116
Det norske Teatret 25 ar
diktaren pa nynorsk. Men han nádde ikkje fram som dramatikar, den einaste
freistnaden lians i den lei, det lyrisk-romantiske dramaet om Olav Digre,
som han truleg liadde meint fá fram til 50-árshogtida for unionen med Sverige,
har enno ikkje kome fram pá scena. Likevel spelte Vinje med sin kvasse
omsynslause kritikk ei rolle som foregangsmann for det nynorske teatret.
Ei rolle som ettermannen lians som forar for den nynorske reisinga, Arne
Garborg, tok i arv og var med á fore fram til royndom, saman med kona si,
Hulda Garborg.
Arne Garborg dyrka heller ikkje dramaet som hovudform. Likevel kom
han til á skrive det mest verdfulle drama som til denne dag er kome ut pá
nynorsk, «Læraren». Det innleider rekkja av lians etisk-religiose diktverk
og handlar om den kristne oproraren, som vil realisere sin kristendom ikkje
herre i ord men i gjerning. Litteraturhistorisk stár det pá line med Ibsens
«Brand» og Bjornsons «Over ævne 1». Og det viste seg, da det omsider kom
fram pá scena, at det hadde samme suggestive kraft som desse to toppane i
norsk dramatikk.
Men Garborg vanta eit teater som kunde fore fram stykket lians. Bjornsons
og Ibsens nye Nationaltheater tok ikkje pá seg oppgáva, etterdi stykket gjorde
absolutt krav pá á bli spela i si originale málform. Alt i 90-ára var utviklinga
nádd dit at det ikkje gjekk an á la norske bonder tala norsk-dansk bokmál
pá scena.
I 1905 gjorde Nationaltheatret — truleg under press av den nasjonale
sjolvstenderusen som gjekk over landet — ein freistnad pá á taka opp reper-
toar pá landsmál, Sigurd Eldegards «Fossegrimen», eit romantisk folkestykke
om ein bondespelemann, med fengjande «halling»-musikk av Jolian Hal-
vorsen, vart ein publikumssuksess av dei storste teatret har liatt. Men da
«Ei heimkome» av samme forfattaren kom opp i næste sesongen, var den
nasjonale eldhugen pá nytt klovna pá málstriden, slik at skodespelarane kunde
samle seg til protest mot «at optræ i stykker skrevet pá et sprog de ikke
behersket og hvori de med sin beste vilje ikke kunde præstere andet enn
knot». — Og dermed var det avgjort at Nationaltheatret ikkje kunde ta pá
seg oppgáva á samle norsk dramatisk dikting pá ei hovudscene.
Etter denne avgjerda vart «málteatret» sá á si tvinga fram av utviklinga.
Med den sterke voksteren át den nynorske litteraturen utetter frá hundre-
ársskiftet, og med dei nye samskipnadene Noregs mállag og Noregs ungdoms-
114