Nordens Kalender - 01.06.1938, Blaðsíða 120
Det norske Teatret 25 ár
Denne spádommen har gátt i oppfylling, men ikkje sá snogt som mange
hadde venta og vona. <<Málteatret» steig fram med eit lieilt nytt andlet i
norsk teaterhistorie, eit «bondeteater» som hadde ei aktuell og málmedveten
kulturoppgáve pá programmet, — det var vel eit sersyn, og ikkje berre i
Noreg. Teatret har no ein gong i sá mange hundreár vore byens kunst. Det
som kom frá folket i denne lei liadde i alle land mátt finne seg i á hli ned-
vurdert som marknadsgoy og fjælebodsloier. Her gjorde ein teatertrupp av
folket krav pá kunstnarleg jamstelling med dei kongelege hoffteater, som i
Noreg rett nok bare heitte Nationaltheatret. — Ein slik demokratisk fram-
stoyt pá omrádet til «den store og hellige kunst» mátte sjolvsagt vekkje lieit
indignasjon i visse kultiverte krinsar. Soga til Det norske Teatret er i forste
10—20-ára ei soge om beisk kulturkamp, mellom by og land og mellom over-
og underklasse. I Noreg har desse motsetnadene fátt ei sterk skjerping gjen-
nom den nasjonale frigjeringsstriden, som heldt fram pá det kulturelle
omrádet like uforsonleg etter 1905. Og Det norske Teatret vart her ein strids-
fane, som fekk verknad langt ut over sin teatralske innsats.
Dette aktuelle kamphovet mátte sette merke pá lieile leidinga av teatret.
Kvar premiére vart eit sporsmál om á vera eller ikkje vera, — ikkje bare for
teatret men for lieile den nynorske kulturreisinga. Alle krefter mátte til
kvar tid vera spana til det ytste, god kunst skulde gjevast med unge skode-
spelarar som vanta systematisk skolering, og i eit godtsom udyrka scenemál.
I dei forste ára hadde teatret sikkert sitt vissaste stode i den forste litte-
rære rádgjevaren sin, Arne Garborg. Og det vart lians «Læraren» som i andre
sesongen gav teatret den forste sterke posisjon som kunstnarleg nyskapar.
I denne framsyninga skapte Rasmus Rasmussen eit bondemiljo og ein liovud-
figur som ikkje kunde tenkjast pá noko anna norsk teater. Og han forte denne
suksessen vidare áret etter med «Varg i veum», det sermerkte sogespelet frá
vikingtida av Garborgs mest gáverike stridsbror i kulturkampen, Ivar Mor-
tensson Egnund. Med desse to sernorske framsyningane fann det nye teatret
fast kunstnarleg botn. Dei forste famlande tak liadde gjeve resultat etter
ynske, og gav nytt mot.
Likevel var kanskje ikkje grunnleggjaren, Hulda Garborg, heilt nogd.
Det ho liadde streva etter med sin amatortrupp var á skapa eit teater som
ikkje bare var bore av ordet, men i like stor monn av det plastiske element
i scenekunsten, som lio liadde freista fá fram av og gjennom folkedansen.
118