Nordens Kalender - 01.06.1938, Blaðsíða 127
Det norske Teatret 25 ár
Siste sesongen, med Knut Hergel som sjef, liar gátt meir i klassisk lei.
Tolstoys siste uferdige dramatiske sjolvbiografi, «Ljoset skin i myrkret» fekk
ein stilfull regi, men greidde ikkje vinne den fortente átliugen. Bedre gjekk
det med den andre russiske klassikaren, Gogol. Hans «Revisor» fekk ei frisk
feiande men noe ytleg tolking i Stein Bugges instruksjon. Sesongen fekk ei
heppeleg avslutning med «Bak horisonten» av O’NeiB, der Knut Hergel viste
sine beste eigenskapar som instruktor.
Teatret kunde opne den 25. sesongen sin med den fremste nynorske dik-
taren pá programmet, med dramatiseringa av Olav Duuns «Medmenneske».
Knut Hergel loyste her ei vanskeleg oppgáve, og Lars Tvinde skapte ein av
dei mest sermerkte psykologiske studiar som liar vore set i seinare ár. Med
denne framsyninga markerte teatret grunnlina si frá «Læraren», og slo enno
ein gong fast at det er den fremste tolkaren av norsk folkeliv i norsk teater.
Det norske Teatret har i alle desse ár vore ei forsoksscene. Det har
frá forste stund státt i opposisjon, kulturelt og kunstnarleg. Derfor har det
blitt eit forum, — ikkje bare for det sernorske, som det var etla til, — men
like mykje for alt nytt som har grodd i nordisk teaterliv i siste 25 ár.
Nybroyting pá eit felt innbyr til nyorientering og nyskaping i det heile. Stort
verd har teatret liatt som rekruteringsorgan av nye talent, som her fekk
prove kreftene i unge ár. Ei rekkje av den yngre skodespelargenerasjonen
ved landets hovudscene har vunne sine forste laurhær pá amatorscena i
Bondernes Hus. Kunstnarleg har Det norske Teatret liatt den store fordelen
at det ikkje trong bli liefta og liemma av kanonisert tradisjon. Meir enn noe
anna norsk teater liar det halde pá og utvikla den fremste fundamentale
eigenskapen til teaterkunsten — evna til omskaping, til aktuell forvandling.
Kulturelt liar Det norske Teatret frá sine forste ár fyllt ei viktig oppgáve
som frivillig norsk riksteater, i samme lei som den svenske Skádabanan. Det
liar gjennom ára gjeve hundrevis av framsyningar i alle byar i landet og i
ei rekkje bygder, der teaterkunsten var eit ukjent fenomen, og ikkje sjeldan
halden for ein djevelens reidskap. For sá vidt har Det norske Teatret vore
ein kulturell utpost for Thalias kunst mot det hoge nord.
Sin storste kulturelle innsats har Det norske Teatret likevel gjort som
(lrivande faktor i norsk sprákutvikling. I kampen mot den danske sprák-
tradisjonen fekk teatret storre slagkraft enn noen annan organisasjon gjen-
nom det levande ordet. Men utviklinga av det nynorske talemálet var inga
125