Saga - 1972, Blaðsíða 190
188
LARS HAMRE
soning, og dette vert til evidens understreka av det siste leddet i ini-
unctio. Her er det eit pálegg til lagmennene om á doma i desse sakene.
Det vert med andre ord ikkje hove til arbitrær avgjerd i noka íorm, her
skal alt gá etter lands lov og rett. Sá vidt eg kan sjá, má det difor vera
ei mistyding av denne kjeldestaden nár doktoranden synest á meina
at det hermed vert opna eit hove for vedkomande kjopmenn til á
dra vidare i si kjopferd nár dei betalar (s. 78 i. f.: þrátt fyrir öll bönn
leyfðist mönnum þó að sigla til hinna bannlýstu landa, ef þeir greiddu
keisaranum það sem keisarans var). Nár brevet har fátt denne spesia-
liserte iniunctio, má grunnen vera den at kongens ombodsmenn dvs.
sysselmenn og futar i samsvar med vanleg praksis i mindre straffe-
saker har late dei sakgjevne fá sleppa med avtinging eller soning.
Slike „sysselmannsforlik" spelar ei viktig rolle i norsk rettsutvikling
i seinmellomalderen, og er vel faktisk den vanlegaste form for avgjerd
og oppgjerd av mindre brotsverk. Dei sparte gjerningsmannen for of-
fentleg pátale og prosess og gav samstundes vedkomande sysselmann
hove til visse inntekter. Men i dette hovet galdt det altfor store fiskale
interesser pá grunn av inndragingsforesegnene i lovgjevinga. Difor
har brevet fátt denne iniunctio med den tilknytte comminatio- og
poena-formelen suara vaara sannara oblida som vi har parallellar til
i norske kongebrev frá tidligare tid (J. Agerholt, Gamal brevskipnad,
s. 530). Det kan i denne samanheng vera verdt á leggja merke til at
forbodet er innteke i hanseatiske rettskjelder frá tidlegare i hundre-
áret, sáleis i ein hanseordinans for Bergen frá 1412 og i ein hanse-
recess frá 1416 (Taranger i NGL 2. r. I, s. 116 merknad 2).
S. 82 ff. i avhandlinga har doktoranden gjort greie for bispeskiftet i
Hólar etter at biskop Jón III var avliden forst pá áret i 1423. (Om han
heitte Tófason eller Henriksson, skal eg her ikkje koma inn pá)-
Doktoranden meiner at den minorittarbroderen som den 25. mai 1425
vart providert til biskop i Hólar av pave Martin V, er identisk med
biskop Jón IV Craxton. Han fylgjer dá identifiseringa i DI VIII, nr.
18, som atter byggjer pá DN XVII, nr. 432. Det som tydelegvis korkje
utgjevaren av vedkommande band av DI eller doktoranden har vore
merksame pá, er at i Rettelser og Tillæg i DN XVII, s. 1441, er det
opplyst at nr. 432 er trykt opp att i same band s. 935, som nr. 991. Her
fár ein namnet pá den providerte, og heile avsnittet lyder:
Eadem die [die veneris viii kal. Junij] prouisum est Ecclesie Olorensi
in Norvegia uacanti per mortem fratris Jo. de persona fratris Trut-
onis Ordinis Minorum.
Den latinske genitivforma Trutonis má ha nominativen Truto, og Oluf
Kolsrud reknar med at ein har á gjera med ei latinisering av Trud
(DN XVII B, s. 277). Det synest dá helst á tyda pá at han er av dansk
eller eventuelt tysk opphav. Denne minoritten hoyrer ein ikkje noko
meir om; men i eit utdx-ag av eit bortkome band av Regesta Laterana
for april 1426 vert det opplyst at „Johannes Craxton fit episcopus
Olensis per obitum" (DN XVII, nr. 994 = DI IX, nr. 23). Dette skulle
vel dá tyda pá at Trud er dod stutt tid etter provisjonen, truleg ved