Nordens Kalender - 01.06.1938, Page 115
Olav Dalgard
Det norske Teatret
25 ár
For eit nasjonalteater er 25 ár inga lang levetid. Men nár det gjeld Det
norske Teatret, gár desse 25 teaterár inn i ein monaleg lengre tradisjon,
som forer tilbake til dei forste freistnader pá á reise eit nynorsk nasjonal-
teater. Vil ein forstá opphavet til dette teatret sá lyt ein sjá pá det i ein vidare
kultursamanheng, som ein funksjon i den historiske utvikling som ber namnet
den norske kulturkampen.
Den nynorske teatertradisjonen forer tilbake til dei forste norske skode-
spel i forste lialvparten av 1800-talet, til H. A. Bjerregaards nasjonalroman-
tiske vaudeville «Fjeldeventyret», der budeia i det minste fekk hove til á
synge pá sitt bondemál, og Ivar Aasens «Ervingen», som er det forste skodespel
pá det nynorske normalmálet ban liadde forma ut i gramatikk og ordbok
kring midten av bundreáret. Framforinga av dette vesle problemstykket om
kulturkampen mellom land og by, mellom den unge odelservingen og speku-
lanten, prokurator Sauenbacb, pá Christiania Theater, gav den unge Bjorn-
stjerne Bjornson liove til ein programartikkel der han m. a. seier: «Foran
den (Ervingen) kan vi endelig alle som en udbryde efter nu i sá mange ár
at liave seet pá váre forfatteres Vandring i 0rkenen, sogende landet: ber er
det! Her er Bonden og Bondens Levesæt. Her er han endelig uden Skryderi,
uden blaseret Naivitet eller sentimentalt Drommeri. Her er han sund og
sterk, klok og god — og med sit eget Sprog. Ligeoverfor det má vi med Skam
og Misundelse liore dets uudtonunelige Ordforrád, se dets gjennem Árhundre-
der opsamlede Erfaringsskatte og Visdomssprog. Aldrig kan man mere beklage
det Bytte vi liar gjort. . .»
Bjornson kom ikkje til á innfri det hans eldliug lova for det norske folke-
málet. Han reiste kampen mot den danske teatertradisjonen, men han stana
sjolv pá inellomvegen. Det var bans venn frá skuledagane, busmannsguten
Aasmund Vinje, soin tok den norsk-norske fana opp, og vart den forste store
8
113