Nordens Kalender - 01.06.1938, Side 118
Det norske Teatret 25 ár
baud inn til teikning i lutlaget Det norske Teatret, — 25 000 kr. var det
okonoraiske grunnlaget.
Det lykkast det nye teatret á fá ein sers dugande sjef i den bondefodde
skodespelaren Rasmus Rasmussen, som var serleg kjend for si utmerkte
tolking av alle slag folkeviser. Det vart fest 10 skodespelarar, — av dei er
no att berre to ved teatret, Lars Tvinde og Edvard Drablos. Den 2 januar
1913 kunde den forste framsyninga gá av stabelen i Kristiansand. Det var
Aasens «Ervingen» og Hulda Garborgs vesle bondesatire «Rationelt fjosstell».
Dagen etter gav teatret alt ein ny premiere pá Olav Hoprekstads «Rjorne-
fjell», eit sterkt lite bondedrama frá ei vestlandsbygd. — Provinskritikken
tok i mot det nye teatret pá ein skynsam og til dels oppglodd máte. Pá ferda
nordover vart det sanka inn nye talent, milloin dei Ingjald Háland, Karl og
Betzy Holter, Tryggve Larsen og Mally Carenius (Háland).
Om hausten vága truppen á gá til átak pá den konservative hovudstaden.
Bondeungdomslaget i Oslo (som enno bar namnet Kristiania) hadde fátt
seg ny festsal med ei rommeleg amatorscene, og lier motte byens kritikk
og eit utvalt litterært publikum med kongen i spissen, for á vera med pá den
forste framsyning i liovudstaden av Holbergs «Jeppe» pá norsk bondemál.
Kvelden etter kom «Stor-Anders» av den unge arbeidardiktaren frá Kristi-
ania, Oskar Bráten, og den tridje «Bjornefjell».
Alle framsyningane vart mott med skynsemd av kritikken. Men stormen
var ikkje langt undan, — alt pá næste mándagen, den 13 oktober, motte
riksmálsgymnasiastane og likesinna opp med piper og stinkbomber. Det vart
eit «teaterslag» som vara seks kveldar pá rad, og som i sitt slag slár alle
rekordar i norsk teaterhistorie. Som dome pá den opposte tonen kan nemnast
fylgjande overskrift i eit riksinálsblad: «Málrátamper! De bruker kniv!» —
Det vart bondestudentane som oinsider gjekk av med sigeren. Nytt moblement
vart innkjopt, — teatret liadde raud Ivkt kvar kveld med krigen stod pá, —
og dette nye teatret kunde rykke vidare fram med den sympati og eldliug
som den brutale vold alltid gjev sitt offer hos alle fornuftige menneske. Ved
dei næste premierane, Geijerstams «Lars Anders og Jan Anders» og Molieres
«Arme Jorgen» kunde teatret innkassere varme lovord frá den leidande kri-
tikaren, Sigurd Bodtker, og Einar Skavlan slo fast at «Det norske Teatret
er alt blitt en faktor i vár kulturutvikling, som alle mere og mere blir nodt
til á regne med».
116