Saga - 1972, Síða 191
ANDMÆLI VIÐ DOKTORSVÖRN
189
kuria, slik at tilsetjingsretten i samsvar med kyrkjeretten gjekk bein-
veges over til paven. Obligasjonen frá 19. april 1426 (DI VIII, nr. 20)
synest á vera gjeven personleg og sj'nest ogsá á vera den einaste
staden der Jón Craxton er kalla frater.
Jón IV i Hólar er ein av dei personane som i særleg grad har interes-
sert doktoranden. Han vart i 1435 av paven overflytt til Skálholt-
stolen, der han vart den sjette biskopen med dette namnet. Om denne
translasjonen skriv doktoranden s. 144 ff. og dreg i den samanheng
ymse konklusjonar. Han meiner sáleis at det er Jón Craxton som stár
bak utnemninga av minoritten Jón Scheffchin til biskop pá Færoyane.
Etter doktorandens meining er Jón Craxton som Hólarbiskop ein re-
Presentant for paven og for engelskmennene, og sá vidt eg skjonar,
reknar han translasjonen som eit ledd i den engelske maktutvidinga
pá Island. Han undrar seg over at det ikkje kom pavelege pábod om
Panitens i samband med drapet pá Johannes Gerechini og forklárar
det med at Jón Vilhjálmsson nok har late kyrkjefyrstane der sud fá
vita at den avlidne Skálholtsbispen var ein tilhengjar av kongen og
konsilet (s. 145 f.). Dermed vert faktisk bispedrapet i Skálholt ogsá
drege inn i tautrekkingane mellom pave og konsil.
Doktorandens deduksjonar er særs interessante og vitnar om med-
viten vilje til á sjá og setja einskildhendingar inn i ein storre saman-
keng. Det er berre det at eg trur ikkje at ein nærare interpretasjon
av kjeldene kan bera dei slutningane han er komen fram til.
Doktoranden reknar med — og byggjer ogsá i nokon mon sine slut-
ningar pá — at biskop Jón i Hólar ved sin translasjon til Skálholt
Personleg var til stades i Firenze der paven dá var (s. 144 i.i.). Men
Ies ein dei ymse breva som vart utferda frá kuria i denne saman-
heng, og som vi kjenner frá kopiane i Regesta Laterana, vil ein heller
snogt finna at dette ikkje kan ha vore tilfelle. Báde i sjolve trans-
lasjonsbullen, som er datert 12. januar 1435 (DN XVII, nr. 521 = DI
^HI, nr. 28), og i provisjonsbullen for Jón Bloxwich til Hólar utferda
!0. januar 1435 (DN XVII, nr. 520 = DI VIII, nr. 27) er det sagt at
Paven loyste Johannem Scalotensem tunc Ollensem Episcopum licet
absentem frá det band som heldt han til Hólarkyrkja, overforte han
lil Skálholt og sette han til biskop og hyrding for denne kyrkja. Eg
skal ikkje her koma noko meir inn pá latiniteten i breva, men noya
h^eg med á konstatera at ein her har á gjera med eit nokolunde fast
lormular slik det plar vera i pavebrev. Licet absentem, sjolv om han
var fráverande, er dá ein fast formel som syner at vedkomande opp-
heldt seg extra curiam ved tidspunktet for translasjonen. Frá DN XVII
kan eg forutan dei alt nemnde doma ogsá visa til nr. 219, 371 og 485.
öersom vedkomande biskop sjolv er til stades ved kuria, finn ein
lormelen apud sedem apostolicam constitutum, sjá t. d. DN XVII, nr.
494. Báde absens og constitutus rettar seg i kasus etter det sub-
stantivet dei stár til, dvs. namnet til episcopus transferendus, og
'tet stár jamleg som objekt for dei verb eller verbaluttrykk som
viarkerer dei ymse steg i ein translatio, slik som absolvere (a vinculo),
transferre og praeficere. Opplysninga om detta stár gjerne i narratio