Tímarit Verkfræðingafélags Íslands


Tímarit Verkfræðingafélags Íslands - 01.12.1960, Síða 16

Tímarit Verkfræðingafélags Íslands - 01.12.1960, Síða 16
46 TÍMARIT VFl 1960 RASJONALISERING Ved Direktör Lars Mjös, Indnstrikonsulent A/S. Jag etter liögare levestandard. Vi er alle pá jag etter högare levestandard. Vi vil ha dyrare og betre mat — kanskje ikkje alltid sá bra for helsa, — vi vil gá finare kledd, vi vil gá pá kino, teater og konsert, vi vil ha bil, kjöleskap og djupfrysar, vi vil ha lenger feri, vi vil reisa lengar bort i ferien, vi vil gje barna váre betre utdaning, vi vil ha större sosiale trygder, betre helsestell og sist, men ikkje minst, vi vil ha större, betre og finare hus til á bu i. Slik kunne vi halda fram og rekna opp goder som vi ynskjer oss — og som vi etter kvart, i större eller mindre grad, har oppnádd. Men alle ha ikkje oppnádd alt dette, og nye ynskje- mál dukkar stadigt opp. Kva gjer vi dá for á oppná sá mange og sá mykje som rád er av desse godene? Det mest nærliggjande for den enkelte er á arbeida overtid eller ta ein ekstrajobb. Pá denne máten kan vi skaffa oss meir pengar, men det kostar ekstra slit og kan lett föra til misnöye. Vi kan ogsá gá til arbeidsgjevaren vár og kreva högare lön. Dersom vi set fram eit slikt krav uten at vi arbeider meir effektivt i dag enn vi gjorde för, kan eit slikt ynskje, om det vert innvilga, berre föra til högare prisar pá dei varene vi skal kjöpa — og sá er vi like langt. Men dersom vi i dag arbeider meir effek- tivt enn vi gjorde i gár eller for eit ár sidan, dá har vi eit reelt grunnlag for á kreva högare lön — og utan at det skal föra til prisstigning pá dei varene vi lagar. Vi har lenge nok krangla og forhandla om den kaka vi har til deling mellom arbeidar, funksjonær og arbeids- gjevar. Det förste som má til, er á gjera kaka större, sá kan det ogsá bli större bit pá kvar. Ok kaka fár vi större ved á rasjonalisera arbeidet várt. Kva er rasjonalisering ? Rasjonalisering er eigentleg det á bruka fornuft. Nat- urlegvis har folk alltid prövd á bruka fornuft i arbeidet. Det som sermerker rasjonalisering i moderne forstand, er at vi gár systematisk inn for á forbetra arbeids- metodane. Og vi stoppar heller ikkje berre med máten á gjera arbeidet pá. Vi gár ogsá systematisk inn for á forbetra materialutnyttinga, organisasjonen, transporten osv. Det er etter kvart utvikla ei lang rekke metodar eller teknikkar innan rasjonaliseringsfeltet. Somme av desse er sápass innvikla at dei krev spesialutdaning og lang röjmsla, andre er sá enkle at dei pá kort tid kan lærast og praktiserast av kven som helst. Dette siste har gjort mykje til at rasjonaliseringsarbeidet har gripe sá om seg. I vedlegg 1 er vist ein del döme pá metodar som vi brukar i rasjonaliseringsarbeidet og ein del felt som vi arbeider pá. Betre teknisk utstyr er ofte det mest nær- liggjande á tenkja pá. Ei ny og meir effektiv maskin er overtydande i seg sjölv. Ja det viser seg stundom at nye maskiner har sá lett for á imponera at dei kan bli kjöpt i tilfelle der ei forenkling av náverande arbeids- metode faktisk ville gjeva billegare produksjon. Nye VEDLEGG Nr. 1 En del veger a g& for a oppná effektiv produksjon. Forbedringstiltak innen de faktorer som er vist vil lijelpe til & höyne effektiviteten. De enkelte faktorer griper over i eller utfyller liverandre. Tiltak innen en av faktorene bör vanligvis etterfölges av eller drives paralellt med tiltak innen flere af de andre faktorene. maskiner har naturlegvis den store feilen at dei krev kapital, og kapital er ofte minimumsfaktoren. Det er likevel ikkje tvil om at det er gjennom mekanisering ein har oppnádd dei verkeleg store resultat. Som döme pá kva ein kan oppná gjennom fornuftig mekanisering, skal eg nemna eit tilfelle fra eit ovns- stöyperi. Dette stöyperiet har gjennom mange ár hatt den högaste produksjonen pr. arbeidstime i Noreg. Dei hadde eit mekanisert stöyperi der formsanden automatisk vart förd fram til silo over formemaskinen, dei hadde dei mest moderne formemaskiner, og dei ferdig forma kassane vart förde til stöyping, kjöling og til utsláing ved hjelp av ein transportör, altsá utan manuell hand- tering. Dette var utgangs-stillinga dá dei tok fatt pá det siste stora rasjonaliseringsarbeidet. Dei gjekk inn for á laga ei automatisk formemaskin, og har oppnádd eit utruleg godt resultat. Tidlegare forma kvar mann 25 kassar for dagen, ná greier 3 mann 1000 kassar, d.v.s. at desse 3 mann i dag gjer same arbeidet som 40 mann för. Arbeidsstudlar tenkjer vi gjerne först og fremst pá nár vi talar om rasjonalisering. Ein arbeidsstudie kan omfatta báde metodestudie og tidsstudie, og vanlegvis vil ogsá materialutnytting koma inn under dette feltet. Ein arbeidsstudie kan ha som mál á redusera tapstidene i produksjonen, ja, gjerne pá kontoret ogsá, vidare eff- ektivisering av transporten og forbetring av sjölve det

x

Tímarit Verkfræðingafélags Íslands

Beinleiðis leinki

Hvis du vil linke til denne avis/magasin, skal du bruge disse links:

Link til denne avis/magasin: Tímarit Verkfræðingafélags Íslands
https://timarit.is/publication/860

Link til dette eksemplar:

Link til denne side:

Link til denne artikel:

Venligst ikke link direkte til billeder eller PDfs på Timarit.is, da sådanne webadresser kan ændres uden advarsel. Brug venligst de angivne webadresser for at linke til sitet.