Tímarit Verkfræðingafélags Íslands


Tímarit Verkfræðingafélags Íslands - 01.12.1960, Side 19

Tímarit Verkfræðingafélags Íslands - 01.12.1960, Side 19
TÍMARIT VFÍ 1960 49 I vedlegg nr. 3 er vist slike tal fra norsk jordbruk, fiske og industri. Som vi ser har det i jordbruket vore ein stigning- i produsert mengd pr. ársverk pá omlag 60%, i fiske pá 100% (usikkert tal) og i industrien pá 50% i ein tiárs periode. Dersom ein her tok omsyn til den vesentleg större kapitalinvestering pr. sysselsett i dag enn for ti ár sidan, ville stigningen i effektivitet naturlegvis bli noko mindre enn desse tala syner. Likevel má ein ha lov á seia at (lei mange rasjonaliseringstiltak verkeleg har fört til synlege resultat. Der er ein vesentleg ting til vi kan lesa av denne statistikken. Som vi ser, har antal ársverk i jordbruket frá 1949 til 1958 gjenge ned med omlag 94.000, i fiske har talet pá fiskarar gjenge ned med 34.000 (avdi dette ogsá inkluderer folk som har fiske som attátnæring, vil det tilsvarande talet pá ársverk vera noko mindre). Rundt rekna kan vi vel seia at talet pá sysselsette i jordbruk og fiske pá ni ár har gjenge ned med ca. 120.000. I industrien har vi derimot hatt ein stigning i same perioden pá ca. 30.000. Industrien har sáleis kunna overta ein del av overskotet frá jordbruk og fiske, og dette er noksá vesentleg. Vi ser her tydeleg kor viktig det er for samfundet á byggja ut industrien som vel har störst sjansar for ekspansjon. Strukturendring innan det enkelte företaket. Eg skal kort nemna resultatet av ei norsk undersöking som var eit ledd i ei större europeisk undersöking. Ein ville, basert pá oppgáver frá enkelte store företak, ha klárlagt korleis företakas struktur hadde endra seg i den siste ti-árs perioden. Det viste seg at produksjonen stort sett var dobla med ein uvesentleg stigning i talet pá arbeidarar i produksjonen. Likesá var talet pá funk- sjonærar som var knytt til drifta praktisk talt uendra. Den störste gruppa her var formenn, driftsingeniörar m. v. Derimot var talet pá funksjonærar pá kontor og lager stige med 50%. Den störste stigningen finn vi i funk- sjonærar i dei ymse hjelpeavdelingane, der det i slutten av ti-árs perioden var opptil tre gonger sá mange som i byrjinga. Dette gjeld avdelingar som vedlikehald, teiknekontor, laboratorium, forskning, rasjonalisering, planlegging m.v. Den utviklinga som her er nemnd, er typisk for moderne industri. Meir utvikla metodar og produkt krev större innsats av dei ymse stabsfunksjonar, slik at desse stort sett har vakse i takt med produksjonsvolumet, mens derimot talet pá dei som er knytt direkte til produksjon, er gjenge ned i det halve sett i relasjon til produksjons- volumet. Eit döme pá slik utvikling, henta frá eit firma, er vist i vedlegg nr. 4. Aktuelle oppgaver for vidareföring av rasjonaliseringsarbeidet pá Island. Eg har fyrst og fremst vilja fortelja litt om korleis rasjonaliseringsarbeidet vert drive i Noreg, og trekt fram döme pá kva vi har opnádd. For ein normann som kjem til Island, vil det falla naturleg á gjera seg opp ei meining om kva som kan gjerast her i landet for á föra rasjonaliseringsarbeidet vidare fram. Det er dá rimeleg at eg byggjer pá dei röynsler vi har gjort i Noreg. VEDLEGG Nr. 4 1947 48 49 50 51 52 53 54 55 56 Döme pá. utvikling- av produksjonsvolum sett i liöve til arbeid- arar, og funksjonærar knj-tt direkte til produksjon og funksjon- ærar knytt til dei ulike hjelpeavdelingane, s& som kontor, laboratorium. vedlikehold, rasjonalisering o.s.v. Skaping av interessa og forstáing for rasjonalisering. Som eg har nemnt tidlegare, er det eit vilkár for ei vellukka rasjonalisering at ein har alle med. Det kan ein berre oppná ved á gje alle orientering om rasjonali- sering, og derigjenom fá dei til á vilja rasjonalisering. Det beste forum for dette ville vera eit rasojnaliserings- lag med deltaking frá enkeltpersoner, frá firma og institusjonar og frá arbeidar- og arbeidsgjevar- og andre organisasjonar. Tilsvarande lag har ein i dei fleste land, og etter mi meining fyller dei ei svært viktig oppgáva. Eg trur clerfor det ville lia mykje á seia for den vidare utvikling pá Island at ein kunne fá realisert planane om eit slikt lag. Utiiygging av teknisk undervisning. Det er heilt unaudsynleg á peika pá kor viktigt det er med god utdaning. Islandingane veit dette, og har gjort meir pá denne fronten enn dei fleste. Det er sáleis imponerande at eit folk pá 170.000 kan ha sitt eige uni- versitet, og dertil eit godt universitet. Ein utlending vert ogsá imponert over kor mange sivilingeniörar Island har, og dermed er ogsá eit av dei viktigaste vilkár for utbygging av næringslivet oppfyllt. Det er likevel pá eitt omráde det synest á vera ein mangel, og det er folk med mellom-teknisk utdaning. Vi kan skilja mellom högare teknisk utdaning, altsá sivilingeniör, og elementærteknisk utdaning som dei to ytterpunkta. Mellom desse har vi ei gruppe som vi i Noreg kallar teknikarar, og som nár dei har tilstrekkeleg god praksis, fár bruka tittelen ingeniör. Etter realskoleeksamen og to árs praksis fár dei ei utdaning som hittil har vore pá to ár, men som ná vert utvida til tre ár. Teknikarane har absolutt god bakgrunn, og fyller ei viktig oppgáva i næringslivet. I Noreg har vi 6 skolar av denne typen, og dei uteksaminerer 5—600 for áret. Sverike har 26 slike skolar. Folk med denne bakgrunn synest det etter mi röynsle á vera fá av pá Island. Det har slege meg at nettopp denne form for utdaning mátte det vera mogeleg á ta opp pá Island. Eg har dröfta dette med rektor ved Oslo Tekniske Skole, og han gjer framlegg om ein fram- gangsmáte som har vore nytta i Stavanger. Der starta dei med ein teknisk fagskole pá to ár, der dei nyttar

x

Tímarit Verkfræðingafélags Íslands

Direkte link

Hvis du vil linke til denne avis/magasin, skal du bruge disse links:

Link til denne avis/magasin: Tímarit Verkfræðingafélags Íslands
https://timarit.is/publication/860

Link til dette eksemplar:

Link til denne side:

Link til denne artikel:

Venligst ikke link direkte til billeder eller PDfs på Timarit.is, da sådanne webadresser kan ændres uden advarsel. Brug venligst de angivne webadresser for at linke til sitet.