Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 7
7
ELDAr HEIDE
MøtE I DørA
Tyranni, rett og sjølvbedrag i egilssoga – og tvitydige
situasjonar i islendingsogene1
1. Innleiing med samandrag av soga
Egils saga skalla-grímssonar2 er rekna for å vera ei av dei eldste
islendingsogene, kanskje skriven rundt 1230, av ein anonym islending,
kanskje snorre sturlason. Hovuddraga i handlinga er som i andre islen-
dingsoger: Bakgrunnen for at ei ætt bryt opp frå noreg i vikingtida og
utvandrar til Island, viktige hendingar der, og hopehavet med gamlelandet
fram til kristningstida. Men medan andre islendingsoger raskt gjer seg
ferdige med bakgrunnen for utvandringa, utgjer denne bolken i Egilssoga
mesta ein fjerdepart. soga tek til når Harald Hårfagre legg Noreg under
seg. Dei lokale hovdingane må då velja om dei skal slåst mot kongen, prøve
å vera nøytrale, gå i hans teneste, eller røme landet. Kveldulv3 prøver å vera
nøytral, men kongen krev ein son i si teneste, og torolv Kveldulvsson
er villig. Han gjer det lenge skarpt som kongsmann, men blir baksnakka
og oppfatta som utfordrar av kongen, som til slutt drep han. Då rømer
Kveldulv til Island med familien, men døyr på ferda. Sonen Skallagrim
tek Borgarfjörður som landnåm. sonesonen torolv fer til Noreg og går
i teneste hos Eirik Blodøks, som snart blir konge. Men når broren Egil
1 Denne artikkelen har eksistert som skisse sidan 2007. takk til Else Mundal, Haukur
Þorgeirsson, Bergsveinn Birgisson, Daniel Sävborg og Per Buvik for kommentarar til
utkast.
2 eg viser til Íslenzk fornrit-utgåva av denne og andre islendingsoger. teksten i Egils saga
Skalla-Grímssonar, utg. Sigurður nordal, Íslenzk fornrit, bd. 2 (reykjavík: Hið íslenzka
fornritafélag, 1933) er frå Möðruvallabók (midten av 1300-talet) utfyld med andre hand-
skrifter på nokre punkt (Egils saga, xcv ff.). Når eg siterer på moderne norsk, har eg omsett
teksten sjølv.
3 norrøne personnamn skriv eg i moderne norsk form, som står nokså nært, jf. at tilsvarande
praksis er sjølvsagd på islandsk og færøysk. Stadnamn skriv eg derimot slik vi finn dei på
moderne kart.
Gripla XXV (2014): 7–40