Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 27
27
punktet. Det kan vera grunnen til at norskekongane blir gradvis mindre
negativt framstilte utigjennom soga:67 same korleis Harald tok landet, så
opparbeider ætta hans seg hevd på riket, og dét blir etter kvart den viktiga-
ste faktoren som gjev dei rett til det. Dette prinsippet minskar skilnaden
mellom dei tre rika (“rika”, altså noreg, England og Borgarfjörður) og dei
som styrer dei. Ein kan òg spørja kva rett Skallagrim hadde då han kom til
Island og Borgarfjörður. Arverett hadde ikkje han heller, der, han var berre
hovding over den flokken som tilfeldigvis kom fyrst til distriktet. kvifor
skulle ikkje dei som kom litt seinare ha nokon rett i det heile?
ein annan måte soga problematiserer arveretten på er å vise, gong etter
gong, at han er ein illusjon: Ein kan seia og kanskje tru at det er arverett
som gjev ein eigedom / rike og makt, men arveretten er mesta verdilaus
om ein ikkje kan stø han med vald eller trugsmål om det. Det opplever ik-
kje berre Hilderid-sønene i møte med Brynjolv / torolv, og Egil / Asgjerd
i møte med Berg-Ånund / Eirik / gunnhild (pkt. 4). torstein Egilsson
på Island og kongane Adalstein og Håkon opplever det òg. Ingen tviler
på at dei er rettmessige arvingar, men likevel blir dei utfordra når dei tek
over arven sin, og må vinne (delar av) han med vald. Når egil dukkar opp
på heradstinget og hevdar arverett til å diktere, er det dei 80 stridsbudde
krigarane han har i ryggen som set han i stand til det. Og utpressing av
samar og plyndring av folk i andre land (i viking) er legitimt, dersom ein
er sterk nok til å ta det ein vil ha. Soga viser dermed, trass i det “offisielle”
arveidealet ho presenterer, at den einaste retten som finst er vald. Den ret-
ten hadde Harald Hårfagre, og kan såleis ikkje fordømast.
truleg er det innsikta i denne eine retten som ligg bakom egils plan
for sølvskatten sin like før han døyr: Egil vil “så” sølvet frå Lovberget
på Alltinget når folk er samla, “og då ville det vera underleg om alle
delte rettferdig”, seier egil (þykki mér undarligt, ef allir skipti vel sín í milli).68
underforstått: Det kjem til å gå slik at dei sterkaste og mest snarrådige får
mest, og det tykkjer egil tydelegvis er greitt.
At fordøminga av norskekongen blir problematisert, ser vi òg i fram-
stillinga av far : son-tilhøve, som i soga i fleire tilfelle fungerer som me-
67 Anderson og Hines peikar på dette, Andersson, The Growth, 110; Hines, “Kingship,”
31–32.
68 Egils saga, kap. 85, s. 297.
MøtE I DørA