Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 17
17
gjeve seg over til skallagrim og fått lovnad om hjelp. skallagrim droppar
hemnen, etter overtaling frå torolv, og let Bjørn få bli verande som torolv
sin gjest. Denne episoden er svært parallell til den der Egil kjem til kong
Eirik i England, når vêr og vind har ført han dit, slik dei førde Bjørn til
skallagrim. eirik vil ingen ting heller enn å drepa egil, men sparar livet
hans og overlet han til Arinbjørn. grunnane er langt på veg dei same som
Skallagrim hadde: Ein mann kongen set høgt (Arinbjørn) går i forbøn for
egil, og så vil det vera níðingsverk å drepa ein som frivillig er komen til kon-
gen og legg livet sitt i hans hender. I tillegg kjem ein grunn skallagrim ik-
kje hadde, nemleg at egil diktar Hǫfuðlausn til kongen. til gjengjeld er dei
to episodane kopla saman med langt på veg ordrette replikkar. til Bjørn
seier Skallagrim: Hví vartu svá djarfr, at þú fórt á minn fund ….? (‘Kvifor var
du så djerv at du kom til meg?’), og til Egil seier kong Eirik: Hví vartu svá
djarfr, Egill, at þú þorðir at fara á fund minn? (‘kvifor var du så djerv, egil, at
du torde å koma til meg?’).33 Det som skil problemstillingane i desse episo-
dane er fyrst og fremst at kveldulv-ætta si rolle er omsnudd. Fyrste gongen
er representanten for ætta den som motvillig gjev nåde, andre gongen den
som må be om nåde frå ein som motvillig gjev det.
Situasjonen der Bjørn kjem til Skallagrim har ein “tvilling” til, nem-
leg situasjonen der Skallagrim sjølv kom til Island. Han var på flukt frå
norskekongen, og fór med familie og gardsfolk til Island, der han bygde
garden sin ikkje langt frå der vind og straum hadde ført inn kista med liket
av Kveldulv. Eit par år seinare kjem Bjørn Brynjolvsson på same måte: På
flukt frå norskekongen søker han med kone og gardsfolk til Island for å
finne ein trygg tilfluktsstad (medan andre aktuelle stader er blokkerte;
kongens makt når heilt til Dublin).34 Vêr og vind fører han til akkurat den
hamna kveldulv rak på land i, men der skallagrim var trygg for norskekon-
gen, er det motsett for Bjørn. Skallagrim vil hemne seg på han, og dermed
fullbyrde kongens dom, som kongens forlengde arm på Island, jamvel om
det ikkje er det han er ute etter. Som vi ser, blir rolla til ætta / Skallagrim
omsnudd frå fyrste til andre tilfelle.
Omsnuinga blir endå tydelegare av at skallagrim si rolle i Borgarfjörður
liknar på kongens rolle i noreg. Det er fordi Skallagrim er herskar i
Borgarfjörður, på linje med småkongane i Noreg i fyrstninga av soga, at
33 Egils saga, kap. 34, s. 88; kap. 59–61, s. 176–193; kap. 34 / 59, s. 88 / 179–180.
34 Egils saga, kap. 33, s. 85–86.
MøtE I DørA