Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 30
GRIPLA30
Mykje anna i soga, stort og smått, er òg med på å problematisere
kveldulvingane si framferd. torolv kveldulvsson er, sant nok, offer for
baksnakking, men sanneleg gjorde han det lett for Hilderid-sønene.78 Han
har mykje større væpna følgje enn kongen når kongen kjem i veitsle,79
og han bygger seg opp slik makt og rikdom på Hålogaland at det ikkje
er underleg om kongen blir mistenksam. At kongen har grunn til å opp-
fatte torolv som utfordrar, ser vi òg av kveldulv sitt råd når torolv fer
til kongen fyrste gongen: “Pass på at du viser måte og ikkje kappast med
overmennene dine” (varask þú þat, at eigi ætlir þú hóf fyrir þér eða keppisk
við þér meiri menn).80 Kveldulv skjønar at det kjem til å gå gale med torolv
i kongsteneste, og åtvaringa hans fortel kva hovudproblemet kjem til å
bli: Ikkje baksnakking, men at torolv siktar for høgt. – Visst er det gale
av gunnhild / Eirik å nekte vitna på gulatinget å sverja på at Asgjerd er
arveboren, men ikkje berre Egil gjer det same ved eit anna høve; torolv
Kveldulvsson nektar òg å høyre Hilderid-sønene sine vitne på at Hilderid
var fullgodt gift. egil har grunn til å vera sint på kong Adalstein for at
broren torolv blir drepen, det ville neppe skjedd om brørne hadde slåst
saman i slaget, slik Egil ville. Men på vikingtokt i Kurland sommaren før
skildest Egil frå broren i striden utan å blunke, og på Island nokre år før
var egil nær på å ta livet av broren, berre for å trasse seg til å få bli med til
Noreg. Han hogg landfestet til skipet som torolv sov på, slik at det rak
ut på fjorden i uvêr. At egil godt kunne drukna torolv den gongen, blir
understreka av at det er på same fjorden i same slag vêr egil-sonen Bòdvar
druknar mange år seinare, til uendeleg sorg for egil.81
ei grunnleggjande tvitydigheit i framstillinga av egil si framferd ser vi
òg i at han vaklar mellom livsalternativa soga skisserer. Når Harald har lagt
noreg under seg, har ein i soga tre alternativ: Ein kan gje opp fridomen
og bu i Noreg under tyrannen. ein kan fara til det alternative kongeriket
England, der kongen (ifølgje soga) respekterer uavhengigheita til frie menn
(pkt. 5). Eller ein kan fara til Island, som fører vidare det norske samfunnet
frå før tyrannen, der dei uavhengige, frie mennene styrer i lag i gjensidig
respekt (det seier i alle fall opphavsmyten, i Egilssoga og elles), utan konge
78 Det peikar torfi tulinius på, Skáldið, 36–37.
79 Egils saga, kap. 11.
80 Egils saga, kap. 6, s. 15.
81 Egils saga, kap. 9, 46, 40, 78.