Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 8
GRIPLA8
kjem etter, blir tilhøvet til kongen så vanskeleg at brørne må røme, og
dei fer til England, til kong Adalstein (Æðelstān), som begge kjem godt
overeins med. Men torolv døyr i eit slag, og Egil fer heim til Island med
enkja etter torolv, Asgjerd, som han gifter seg med. når far hennar døyr,
fer dei til noreg og krev arven, men det fører til ny konflikt med kong
Eirik og dronning gunnhild. Etter at Egil har hemnt seg stygt, rømer
han til Island og blir hovding i Borgarfjörður etter skallagrim. Året etter
hamnar Egil likevel i hendene på Eirik, som då har rømt noreg for Håkon
Adalsteinsfostre og har fått eit len i england. som ved eit under, får egil
sleppe fri og skaffar seg Asgjerd-arven med holmgang i Noreg. kravet
om ein annan arv fører Egil til noreg på ny, men han kjem ingen veg, no
mot kong Håkon. Likevel hjelper han kongen med ei skattekrevjarferd til
Värmland, før han fer heim for godt. når torstein Egilsson tek over som
hovding i Borgarfjörður, blir han utfordra av ein annan bonde, men klarer
seg med hjelp av Egil. før han døyr, blir Egil sterkt svekt av alderdom. –
som vi ser, står hopehavet med kongar svært sentralt i soga, og konfliktane
er for ein stor del med kong Haralds familie, ulikt andre islendingsoger,
som skildrar feidar mellom storbondefamiliar på Island.
2. kva ideologisk bodskap har Egilssoga?
fidjestøl seier generelt om islendingsogene at dei presenterer “ei klar opp-
fatning av at det islandske samfunnet er grunnlagt på eit opprør mot ei
sentralistisk kongemakt i Noreg. Utvandrarane var slike som ikkje ville
finne seg i Harald Hårfagres tyranni, ofríki Haralds konungs”.4 Dette kan
ein kalle den islandske opphavsmyten, og den blir ekstra utførleg pre-
sentert i Egilssoga, peikar fidjestøl på. Dette synet på Egilssoga har brei
tilslutnad.5 Meulengracht Sørensen seier Egilssoga “forsvarer det islandske
4 Bjarne fidjestøl, “norrøn felleslitteratur,” i Norsk litteratur i tusen år. Teksthistoriske linjer,
red. Bjarne fidjestøl m.fl. (oslo: Landslaget for norskundervisning / Cappelen, 1996),
32–129.
5 Jamfør t.d. finnur Jónsson, Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, bd. 2, 2. utg.
(København: gads forlag, 1923), 406; Joseph Harris, “Saga as Historical novel,” i Structure
and Meaning in Old Norse Literature, red. John Lindow m.fl. ([odense]: odense university
Press, 1986), 213 ff.; John Hines, “Kingship in Egils saga,” i Introductory Essays on egils saga
and njáls saga, red. John Hines og Desmond Slay (London: Viking Society for northern
research, 1992), 16; Vésteinn Ólason, “Inngangur. Íslendingasögur og þættir,” i Íslensk bók-
menntasaga, bd. 2, red. Vésteinn Ólason (reykjavík: Mál og menning, 1993), 91; Vésteinn