Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 10
GRIPLA10
Adalstein i England, gjev kongen han ei kiste med sølv og bed han ta ho
med til far sin, men egil deler aldri med nokon. ein gong på reise gjennom
Eidskogen spyr han i trynet på verten, før han krøker ut eit auge på han.10
somme peikar på at også skildringa av egil si framferd mot norske-
kongen er tvitydig. Vésteinn Ólason meiner Egil og Asgjerd har rett i
arvekravet sitt, men at egil går så hardt på at det ikkje er underleg at kon-
gen stoppar han. Andersson seier framstillinga av kveldulv-ætta og nor-
skekongen endrar seg gjennom soga. kongen blir gradvis mindre negativt
framstilt, og kveldulv-ætta mindre positivt. (Hines er inne på noko av det
same.) før utvandringa er soga “unambiguous”, seier Andersson, der er
kongen skurken og torolv Kveldulvsson det skuldlause offeret. Men den
delen som handlar om egil er grunnleggjande tvitydig, meiner han. ein del
av det Egil gjer er så grotesk, grisk eller sjølvrettferdig og hemngjerrig at
det bikkar over i komikk og parodi. til dømes går hemnen etter det fyrste
nederlaget om Asgjerd-arven over alle grenser, og på heradstinget på Island
mot slutten av soga brukar egil retten og makta si så einsynt og egoistisk
at det ikkje liknar nokon ting. Her viser det seg at Egil “when given the
opportunity, is more autocratic than the kings with whom he has disputed
most of his life”.11
Vésteinn Ólason peikar òg på at Egil og ætta hans møter seg sjølve i
døra i denne og andre saker – men seier altså likevel at ideologien i soga er
“clear”. Andersson, derimot, meiner framstillinga av Egil er såpass tvitydig
at soga kan vera skriven med tanke på to publikum: “a norwegian audience
that would have read it as a humorous send-up of a self-willed Icelander
and an Icelandic audience that would have read it as a serious celebration of
an ancestral hero who could stand up to the kings of norway”.12
Meulengracht Sørensen peikar på at eit mønster i bakgrunnen til Egil
heller ikkje går så lett i hop med det ein reknar som tendensen i soga.13 Ho
begynner slik: “Det var ein mann som heitte ulv. Han var son til Bjalve
10 Egils saga, kap. 40, 54–55, 72.
11 Vésteinn Ólason, “Inngangur”; Andersson, The Growth, 110; Hines, Kingship, 31–32,
Andersson, The Growth, 104–105, 114; jf. theodore Andersson, The Icelandic Family Saga.
An Analytic Reading (Cambridge, Mass.: Harvard university Press, 1967), 106–107 og
Harris, Saga as, 214.
12 Vésteinn Ólason, Dialogues, 195; theodore Andersson, “the King of Iceland,” Speculum: A
Journal of Medieval Studies 74 (1998): 923–934.
13 Meulengracht Sørensen, “Starkaðr”.