Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 33
33
med jamvekt mellom mange stormenn over heile landet gjekk i oppløysing
og nokre få ætter rana til seg makta.87
Det eg peikar på er berre delvis spesielt for Egilssoga; i andre soger òg
er kjernespørsmål problematiserte og tvitydig framstilte. til dømes er det
vanskeleg å avgjera om den eine eller andre i trekantdramaet om kjærleik
og venskap mellom kjartan, Bolle og Gudrun i Soga om laksdølane har
meir skuld enn dei andre for at kjartan blir drepen (jf. ovanfor, punkt 3)
– eller om Ramnkjell har meir skuld enn einar for at einar blir drepen i
Ramnkjellsoga,88 eller kva ein skal meine om makt og maktbruk i den soga.
I Gislesoga blir blodhemnen og æreskrava problematiserte, like tvisynt,89
og i Njålssoga90 rettssystemet, “in theory a force for order but in practice
often a force working towards disorder”.91 Det spesielle i Egilssoga er fyrst
og fremst at rett til makt og ressursar er tema, slik at det er dét som blir
problematisert og framstilt på tvitydig vis.
Det er stor skilnad mellom islendingsogene når det gjeld kor gjen-
nomarbeidde dei er. Men at Egilssoga er skriven av ein sterkt medveten
forfattar som har forma stoffet på utstudert vis, har det lenge vore semje
om. Dersom tolkinga eg set fram her har noko føre seg, så gjeld det i endå
sterkare grad, sidan ho inneber at mange detaljar gjennom heile verket
bygger opp under eit overordna bilete. Dette er til dels eit argument for
den såkalla bokprosateorien om opphavet til islendingsogene, som seier at
dei i hovudsak ikkje er folketradisjon, men fiksjon bygd på lause munnlege
overleveringar.92 Likevel treng ikkje grunnleggjande tvitydigheit i framstill-
87 Andersson, The Growth, 116–117; Meulengracht Sørensen, Fortælling og ære, 146–147;
Harris, “Saga as,” 214 ff.
88 Hrafnkels saga Freysgoða, i Austfirðinga sǫgur, utg. jón jóhannesson, íslenzk fornrit, bd. 11
(reykjavík: Hið íslenzka fornritafélag, 1950).
89 Jamfør Andersson, Icelandic Family Saga.
90 Brennu-Njáls saga, utg. Einar Ól. Sveinsson, Íslenzk fornrit, bd. 12 (reykjavík: Hið íslenzka
fornritafélag, 1954).
91 Denton fox, “Njáls saga and the Western Literary tradition,” Comparative Literature 15
(1963): 301.
92 om dette, sjå Else Mundal, red. Sagadebatt (oslo / Bergen / tromsø: universitetsforlaget,
1977); Andreas Heusler, Die Anfänge der isländischen Saga, Abhandlungen der königl.
preuss. Akademie der Wissenschaften. Phil-hist. Classe, 1913.9 (Berlin: Königliche
Akademie der Wissenschaften, 1914); Sigurður nordal, Hrafnkatla, studia Islandica,
bd. 7 (reykjavik, 1940); Lars Lönnroth, Njáls saga. A Critical Introduction (Berkeley:
university of California Press, 1976); theodore Andersson, The Problem of Icelandic Saga
Origins. A Historical Survey, Yale germanic Studies, bd. 1 (new Haven / London: Yale
MøtE I DørA