Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 18
GRIPLA18
han kan kunne jaga eller drepe Bjørn. Slik norskekongen deler ut len i riket
sitt, deler Skallagrim ut jord i Borgarfjörður;35 det er neppe tilfeldig at for-
fattaren like før Skallagrim sitt landnåm nemner korleis kongen gjer dette.36
også den nære parallellen mellom Skallagrim når Bjørn kjem og kong Eirik
i england tyder på at forfattaren vil vi skal sjå skallagrim i ei kongerolle.
rettssaka mot slutten av soga (pkt. 6 her) tyder òg på det. Der viser Egil
til at han er skallagrims arving når han opptrer i ei funksjonell kongerolle,
og hans og torsteins roller i konflikten svarar til dei som kongane edvard
(Játvarðr / Eadweard) og sonen Adalstein har i England. namnet Borg om
garden til Skallagrim peikar same veg. Det viser til ein hammar like ved
garden; slike kunne kallast borgir, men samtidig er borg i soga (som elles i
norrøn litteratur) det vanlege ordet for det kongar budde i. Det ser ut til
at forfattaren vil vi skal gjera den assosiasjonen: Bjørn og dei har, noko
påfallande, budd om vinteren i den faktiske borga Móseyjarborg på ei lita
Shetlands-øy, og derifrå seglar dei beint til hamna nedanfor Skallagrim-
garden, der det fyrste dei får sjå er at det “stod ei stor borg” ovanfor hamna
(stóð borg mikil).37 Når verbet standa er brukt om borg, tenkjer ein helst på
noko høgt, oppmura (slik som borga på Mousa / Mósey). Men naturfor-
masjonen ved skallagrim-garden er langstrekt og låg. truleg spelar egil
sjølv på denne dobbeltydinga i namnet Borg i den siste strofa han diktar:
Han klagar over at han er gammal og skral, á eller at konungs vǫrnum,38 altså
“på / ved kongens vern”. Benedikt gíslason har peika på at “kongens vern”
kan vera ofljóst for ‘borg’, og dét er einaste måten strofa gjev meining på
utan endring.39
35 Jamfør torfi tulinius, Skáldið í skriftinni. Snorri Sturluson og Egils saga, íslensk menning,
bd. 3 (reykjavík: Hið íslenska bókmenntafélag, 2004), 40.
36 Egils saga, kap. 26, s. 66.
37 Egils saga, kap. 33, s. 86.
38 Egils saga, kap. 85, s. 296.
39 Benedikt Gíslason, Íslenda. Bók um forníslenzk fræði (reykjavík: Benedikt gíslason, 1974),
96–97. I trykte utgåver har granskarane endra at og á til án ‘utan’: Egil klagar over at han
som gammal mann er utan vern frå kongar. Men Egil var aldri ein som typisk hadde vern
frå kongar, og preposisjonen án styrer vanlegvis ikkje dativ, som vǫrnum er. Likevel er også
at konungs vǫrnum merkeleg, men blir idiomatisk dersom ein les konungs vǫrnum som Borg.
Preposisjonen som blir brukt til Borg i Borgarfjörður er nettopp at. takk til Marteinn H.
Sigurðsson og Bergsveinn Birgisson for tips om dette. Marteinn hadde sett denne lesemåten
uavhengig av Benedikt Gíslason.