Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 29
29
meinte dreiv med slikt. Med all denne trollskapen kan ein seia at gunnhild
representerer eit nær sagt grotesk norsk kongedøme, og då er Egil sin
opposisjon til det svært legitim. Men dette blir òg problematisert, med at
egil blir plassert i eit spegelbilete av denne rolla. som vi har sett (punkt
2), har kveldulv-ætta ein liknande bakgrunn utanfor sivilisasjonen i nord
som Gunnhild har, og nidstongreisinga til egil er eit spegelbilete av seiden
til Gunnhild – altså både lik og motsett (slik som dei nemnde konfliktane
som “rammar inn” soga, pkt. 5). I begge tilfella blir trolldom som gjer at
offeret ikkje får ro brukt til å flytta menneske over landegrenser. (Dette er
nidet sin effekt på landvetta: allar fari þær villar vega, engi hendi né hitti sitt
inni, fyrr en þær reka Eirík konung og Gunnhildi ór landi,75 ‘måtte dei alle rote
seg bort og ikkje finne heim før dei jagar kong Eirik og dronning gunnhild
frå landet’.) Likt er det truleg òg at trolldomen verkar på landvette. Nidet
gjer dét (slik at landvetta blir plaga til å jaga kongeparet or landet), og
som vi såg i punkt 4, ser det ut til at forfattaren vil ha oss til å assosiere
Kveldulv-ætta og særleg Skallagrim med landvette, altså Egil òg. Motsett
er det at seiden dreg til seg (seid gjer oftast det),76 til eit anna land, medan
nidet jagar, ut or landet. Både parallellen og motstillinga er tydeleg, og er
med på å problematisere egil si framferd.
Det same er resultatet: Egil oppnår å få jaga kongen or noreg, men
det fører til at kongen kjem i same situasjon som kveldulvingane var i då
dei vart jaga: Han må fly frå den nye kongen og søke tilflukt der det er å
få, i eit anna land, i Eiriks tilfelle England. Der sperrar han det som før
har vore ein fristad for Egil. Altså: Egil sin motstand mot norskekongens
tyranni er nære på å ta frå han det alternative, gode kongedømet (jf. pkt.
5.) som har gjeve han tilflukt frå tyranniet. Ironien er kosteleg – slik som
når skallagrim, av alle på Island, er den som vil hindre flyktningar frå kon-
gen i å søke tilflukt der (pkt. 4). Ekstra ironisk er det at Egil møter Eirik
i den rolla når han er på veg til England for å få ei slik rolle sjølv – han er
på veg for å bli landvarnarmaðr ‘landsforsvarar’ for kong Adalstein,77 altså
ein som m.a. har til oppgåve å halde vikingar ute, t.d. slike som har måtta
fly frå Noreg på grunn av rikssamlinga der. soga seier ikkje med dette at
egil og ætta hans ikkje burde gjort motstand mot norskekongen, men ho
problematiserer motstanden og ideane bak han.
75 Egils saga, kap. 57, s. 171.
76 Heide, “Spinning” og Gand, seid, 235 ff.
77 Egils saga, kap. 59, 55, 50, s. 177 jf. 145 og 128.
MøtE I DørA