Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 15
15
normalt ikkje dyrka slik der som i islendingsogene. etter mitt syn er dei
tvitydige situasjonane ein nøkkel til å forstå ideologien bak islendingsoge-
ne. Dei er i slekt med, men noko anna enn “somme seier det…., andre seier
det…”-situasjonane, som er svært vanlege.28 I dei gjer forfattaren klårt at det
er uklårt kva som skjedde (kanskje fordi det var uklårt i tradisjonen soga
bygde på, slik Liestøl meiner), og skisserer heilt kort to-tre alternativ. I dei
situasjonane eg peikar på, er det derimot klårt kva som skjedde; det får vi
detaljert opplysning om. Det uklåre ligg i korleis alternativa skal vurderast.
Det er denne siste typen som er viktigast for denne artikkelen.
4. Egilssoga: Par av tvitydige situasjonar,
med posisjons skifte frå fyrste til andre gong
I Egilssoga har bruken av tvitydige situasjonar fått ein ekstra vri, med par
av slike situasjonar. eg har notert meg fem av dei.
Det fyrste er to arvekonfliktar. torolv Kveldulvsson hevdar Hilderid-
sønene ikkje har arverett, fordi dei er frillesøner, mor deira vart bortførd
med makt. Om det stemmer, er uråd å avgjera. Bryllaupet var ikkje full-
verdig, men Hilderid-sønene har rett i at mora var gift med Bjørgolv, ikkje
frille. som mange har sett,29 kjem problemstillinga att seinare i soga, når
Berg-Ånund hevdar at Asgjerd ikkje har rett til å arve si mor, fordi mora
ikkje var gift, men var ei bortførd trælkvinne.30 I dette tilfellet, òg, kan
det førast gode argument for motsett syn. Den prinsipielle skilnaden er
fyrst og fremst at rollene er omsnudde: Standpunktet representanten for
kveldulv-ætta krast avviser andre gongen er det standpunktet ein annan
representant for kveldulv-ætta stod på fyrste gongen.
to andre par av tvitydige situasjonar finn vi i egil sine freistnader på
å få arven Berg-Ånund sit med. Det eine paret gjeld respekt for tinget. I
den fyrste rettssaka på Gulatinget får dronning Gunnhild mennene sine
til å avbryte rettsprosessen, i den andre er det egil som gjer det, med å
utfordre Atle den skamme (‘stutte’) til holmgang.31 I begge rettssakene har
28 Sjå t.d. Knut Liestøl, Upphavet til den islandske ættesaga, Instituttet for sammenlignende
kulturforskning A.9a (oslo: Aschehoug, 1929), 36–37.
29 t.d. Vésteinn Ólason, “Inngangur,” 90.
30 Egils saga, kap. 7–8, 36–37, 41–42, 53–56.
31 Egils saga, kap. 56, s. 57; kap. 65.
MøtE I DørA