Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 13
13
Her er nokre døme på den fyrste typen frå Soga om laksdølane. Når
Hoskuld Dala-Kollsson nektar å gje halvbroren rut arv etter mora,
torgjerd torsteinsdotter, fordi ho gifte seg utan godkjenning frå han, så
har han rett etter islandsk lov. Men etter lova i noreg, der torgjerd gifte
seg, kunne enkje feste seg sjølv.20 torgjerd egilsdotter kan nekte å gifte
seg med Olav På fordi han er son av ei trælkvinne.21 Men han er òg dot-
terson av irekongen, son av ein av dei største hovdingane på Island og ein
utifrå emneleg kar. Når Bolle gifter seg med Gudrun, er det uklårt om han
svik bestevenen Kjartan. Han veit at gudrun og Kjartan var kjærastar før
Kjartan reiste ut og at gudrun helst vil ha Kjartan. Men Kjartan hadde ik-
kje svara “nei” då Bolle spurde om han heller vil ha Ingebjørg kongssyster,
og sende ikkje helsing til gudrun; berre ei generell helsing til slekt og ve-
ner. Når Gudrun får folka sine til å stela det gullvovne skautet frå Remna,
er det simpelt tjuveri, men ho er i sin fulle rett, for Ingebjørg hadde sagt at
kjartan skulle gje det til Gudrun.22
nokre døme av den andre typen frå Gislesoga: når tordis finn ut at
Gisle har drepe torgrim, må ho velja om ho skal ofre bror sin eller skjem-
mast over at mannen hennar ikkje er hemnd. når sønene til Vestein opp-
søker gisle etter å ha drepe torkjell, reknar dei med å få hjelp, sidan dei
er på same side i konflikten. Men gisle vil drepa dei, sidan torkjell var
bror hans. Når torkjell finn ut at Asgjerd, kona hans, har eit godt auge til
Vestein, får torkjell Vestein drepen. Men når gisle får veta noko liknande
om si kone, at ho har hatt eit forhold til torgrim, så vel han å tru at det ik-
kje har skjedd noko, og dermed er saka ute av verda.23 torkjell kunne altså
valt ein heilt annan reaksjon.
Eit døme av den fyrste typen frå Egilssoga: når Egil drep Ljot den
bleike i holmgang, skal han etter holmgangslova arve han. Men kongen
skal arve utlendingar som døyr i landet utan arving.24
20 Laxdœla saga, utg. Einar Ól. Sveinsson, Íslenzk fornrit, bd. 5 (reykjavík: Hið íslen-
zka fornritafélag, 1934), kap. 19, 7; Grágás. Konungsbók, utg. Vilhjálmur finsen (1852;
genoptr. odense: odense universitetsforlag, 1974), 29–30; Grágás. Staðarhólsbók, utg.
Vilhjálmur finsen (1879; genoptr. odense: odense universitetsforlag, 1974), 156; Den eldre
Gulatingslova, utg. Bjørn Eithun m.fl. (oslo: riksarkivet, 1994), 64.
21 Laxdœla, kap. 23.
22 Laxdœla saga, kap. 39–43; kap. 46.
23 Gísla saga Súrssonar, i Vestfirðinga sǫgur, utg. Bjørn K. Þórólfsson, Íslenzk fornrit, bd. 6
(reykjavík: Hið íslenzka fornritafélag), kap. 18–19, kap. 29–30.
24 Egils saga, kap. 64, s. 199–206, jf. kap. 68, s. 214–216.
MøtE I DørA