Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 14
GRIPLA14
Andersson har peika på at “the author of Gísla saga had a … liking for
ambiguity”,25 og eg har snakka med fleire granskarar som har notert seg
at slike tvitydige eller opne situasjonar som eg har skissert her er svært
vanlege i islendingsogene. kanskje er dette underforstått hos mange, men
eg kjenner ikkje til at nokon i skrift har peika på at dette er noko som sær-
merker sjangeren26 framom andre norrøne prosasjangrar og annan prosa i
det heile. I kongesogene er det visst mindre av slike situasjonar (kanskje
med unntak for sogene snorre sturlason skreiv), kanskje fordi konfliktane
der oftast står mellom konge og bønder, samtidig som kongen er helten.
Då skal kongen normalt ha rett, han skal ha fasiten. I samtidssogene er
det truleg òg mindre, kanskje fordi stoffet i dei er nærare i tid. Då er det
vanskelegare å forme om stoffet litterært, fordi det er betre kjent kva som
faktisk skjedde. I fornaldersogene er det òg mindre, rimelegvis fordi dei
ikkje siktar mot realisme, dei speglar ikkje livet, det er vanlegvis klårt at
helten vel det rette. tvitydige situasjonar som litterært verkemiddel heng
saman med den (relativt) realistiske framstillingsforma og forteljeteknik-
ken der forfattaren blir framstilt som nøytral; dette er mest gjennomført i
islendingsogene – slik svært mange har peika på.27 Denne realismen inne-
ber m.a. at forteljaren ikkje er synleg og dermed ikkje moraliserer eller ope
tek stilling, men gjev inntrykk av å vera nøytral. Denne realismen er likevel
berre ein del av forklaringa. vi finn saktens slike tvitydige situasjonar i
moderne prosa, for livet er jo ofte slik, men dette verkemidlet er likevel
25 theodore Andersson, “Some Ambiguities in Gísla saga. A Balance sheet,” Bibliography of
Old Norse-Icelandic Studies 1968 (1969): 28.
26 Det er t.d. ikkje nemnt hos finnur Jónsson, Den oldnorske; Peter Hallberg, Den isländska
sagan, 2. utg. (Stockholm: Svenska Bokförlaget / Bonniers, 1964); Andersson, Icelandic
Family Saga, 65–95; Jónas Kristjánsson, Eddas and Sagas. Iceland's Medieval Literature,
oms. Peter foote (reykjavík: Hið íslenska bókmenntafélag, 1992); Vésteinn Ólason,
“Inngangur,” eller Dialogues; eller Heimir Pálsson, Lykill að Íslendingasögum (reykjavík:
Mál og menning, 1998), så vidt eg kan sjå. Den som kjem nærast er visst torfi H. tulinius,
The Matter of the North: The Rise of Literary Fiction in Thirteenth-Century Iceland, oms.
randi Eldevik, the Viking Collection, bd. 13 (odense: odense university Press, 2002),
256 ff., som meiner “ontological uncertainty” og “religious and social ambiguity” er med på
definere sjangeren islendingsoge. Han peikar likevel ikkje på at mange enkeltsituasjonar
i seg sjølve er tvitydige, men ser tvitydigheit i summen av mange situasjonar. – I mange
tilfelle har granskarane ikkje sett at forfattaren med overlegg har late spørsmål stå opne.
til dømes har både rettshistorikarar og andre mange gonger prøvd å avgjera om Hilderid-
sønene hadde arverett eller ikkje.
27 Sjå t.d. Meulengracht Sørensen, Fortælling og ære.