Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 21
21
dei som arbeidde i skogen, og saltbrennarane, fiskarane og veidemennene,
både på sjø og land, skulle lyde han. Slik trælking gjorde at mange [– ek-
semplifiserte med Kveldulv-ætta –] flydde frå landet…”.47 Altså: Med vald
tvingar kongen folk til å gje frå seg arvejorda si, og slik utvidar han si eiga
arvejord kolossalt. Det same i mindre skala prøver Steinar Ånundsson på i
Borgarfjörður mot slutten av soga, når han let feet sitt beite på torstein sin
eigedom. som svar drep torstein trælane som gjeter feet, blir stemnd til
tings av Steinar, og det ser ut til at han kjem til å tapa saka der. Då dukkar
Egil opp med 80 mann budde til strid, kledd som ein konge: I blå kappe
(andre fargar enn naturfargane var svært kostbare), gullslegen hjelm og
spjut innlagt med gull. (Gullprydde våpen elles i soga stammar alltid frå
norskekongen). Ånund tvingar då sonen til å leggja saka i egils hender
til avgjerd. I domen sin minner egil om at far hans, skallagrim, tok heile
heradet som landnåm og at egil og torstein er hans arvingar, og at folk i
heradet har jorda si som gåve frå Skallagrim. Derfor, seier Egil, skal Steinar
gje frå seg garden sin vederlagsfritt og flytta frå heradet. Det gjer han til
slutt, for å berge livet etter at han har prøvd å drepa torstein.48
I begge desse sakene er det ein aggressor som vil utvide si arvejord, og
samtidig sin status og si makt, med å ta arvejord frå andre med vald, og
det fører til at den tapande parten for å overleva må forlata maktområdet
til vinnaren, som står att som diktator. Samtidig er sakene motsette: I den
siste saka taper aggressoren, slik at han er den som må fara. Grunnlaget
for diktatoren si makt blir òg framstilt motsett: Harald bygger si makt
berre på vald, medan egil understrekar at arv er grunnlaget for hans makt.
Motsett er det òg at diktatoren i den siste saka høyrer til dei som tapte den
fyrste saka og at han opptrer like egoistisk og eigenrådig som ætta hans
ikkje tolte av aggressoren i den fyrste saka (slik Andersson peikar på, pkt.
2. her).
Fordi desse konfliktane rammar inn soga, som fyrste og siste konflikt,
er det grunn til å stille dei mot einannan, som tolkingsnøklar. I så fall stiller
soga valdsrett mot arverett, som motståande prinsipp: opninga, som set i
gang heile historia, er at Harald tek det han vil med vald, og avslutninga er
at Egil med tilvising til arverett stoppar ein tilsvarande aggressor. Då ser
det ut til at tematikken i soga – heile soga, ikkje berre den bolken egil er
47 Egils saga, kap. 3–4, s. 11–12.
48 Egils saga, kap. 79–82.
MøtE I DørA