Gripla - 20.12.2014, Blaðsíða 28
GRIPLA28
tafor for tilhøvet konge : kongsmann / folk.69 klårast ser vi dette i den
grunnen Skallagrim gjev til å ikkje tene Harald Hårfagre: “Eg vil ikkje bli
lendmann [under kong Harald] så lenge far min lever, for han skal vera
overmannen min så lenge han lever”, seier skallagrim til utsendingen frå
kongen.70 I dette ligg (i kode på grunn av terrorregimet Harald har etablert)
den same favoriseringa av arverett som vi såg i Egil sin tale på heradstinget:
Den maktrelasjonen som bør føretrekkast – i dette tilfellet sonen si un-
derordning under faren – er naturgjeven, oppstådd gjennom fødsel, ikkje
med vald. Men heller ikkje i dette stykket er kveldulvingane trugne mot
sine eigne ideal, særleg ikkje egil, som trassar faren heilt frå barndomen.
torstein lån-tek ein silkekjortel Egil har fått av Arinbjørn, og kjem i skade
for å møke han til. torolv bøyer seg ikkje for Kveldulv sitt råd om å halde
seg unna kongen (men det er heller ikkje formulert som påbod).71
også i samband med farsvelde blir medfødd rett problematisert som ein
illusjon: I røynda rår ikkje faren fordi han er far, men fordi han er sterkast
– så lenge han er det. når Egil som barn er tøff nok til å trasse faren, så er
han det, og som skrøpeleg gamling kan ikkje eingong han diktere. når Egil
vil “så” det engelske sølvet frå Lovberget, må han bøye av.
gunnhild, dronninga til Eirik Blodøks, er blant dei som blir klårast
negativt framstilt i Egilssoga. Ho fer med alle slag snikråder, sender ut
snikmordarar, og når egil hamnar hos eirik i england, har ho seida at
han ikkje skal få ro på Island før han har vore hos henne (skyldi aldrigi ró
bíða á Íslandi, fyrr en hón sæi hann).72 seid vart rekna som forakteleg (truleg
fordi det var noko perverst med det),73 og at ho dreiv med slikt bør sjåast på
bakgrunn av at ho truleg var same,74 det var helst folk frå avsides strok ein
69 torfi H. tulinius peikar på denne metaforen, Skáldið, 224–225.
70 Egils saga, kap. 5, s. 13.
71 Egils saga, kap. 40, 79, 6.
72 Egils saga, kap. 59, s. 176.
73 Sjå Dag Strömbäck, Sejd. Textstudier i nordisk religionshistoria (Stockholm: geber, 1935);
Preben Meulengracht Sørensen, The Unmanly Man. Concepts of Sexual Defamation in Early
Northern Society, the Viking Collection, Studies in northern Civilization, bd. 1, oms.
joan turville-Petre (odense: odense universitetsforlag, 1983); og Eldar Heide, Gand, seid
og åndevind (Dr. art.-avhandling, universitetet i Bergen, 2006), http://eldar-heide.net/
Publikasjonar%20til%20heimesida/Heide-gand-seid-andevind.pdf; Eldar Heide, “Spinning
seiðr,” i Old Norse Religion in Long-Term Perspectives. Origins, Changes, and Interactions, red.
Anders Andrén m.fl. (Lund: nordic Academic Press, 2006), 235 ff.
74 Egilssoga seier Eirik fekk henne på ei ferd til Bjarmeland, kap. 36; Heimskringla seier ho var
frå Finnmǫrk; Heimskringla, kap. 32, 1:134–136.