Gripla - 20.12.2014, Side 11
11
og Hallbera. Hallbera var dotter til ulv den uredde og syster til Hallbjørn
Halvtroll ….”.14 ulvar, bjørnar og halvtroll! Bera tyder ‘binne’ og bjalfi
‘dyreskinn’; namnet viser truleg til at ein meinte Bjalve kunne skifte til
dyreham, slik Ulv vart kalla kveld-Ulv fordi han var ham-ram om kveld-
ane og nettene. skallagrim og egil, og fleire til i ætta og på garden deira,
er som kveldulv.15 når Skallagrim kjem med følgjet sitt til kong Harald
for å be om bot for torolv, blir det sagt at heile flokken liknar meir på
troll enn på menneske. skallagrim hamast mot sin eigen son i ein slåst-
kamp, og egil drep berserken Atle med å bite over strupen på han, som
ein ulv.16 Det er ætta på farssida til Skallagrim som er slik; morsætta hans
er motsett. Mora Salbjørg er syster til øyvind Lambe og olve nuva, som
klarer seg og gjer det godt hos kong Harald og derfor blir verande heime
i noreg. framstillinga henger seg på ein sentral opphavsmyte: Samband
mellom mann frå inngruppe og kvinne frå utgruppe var normalt og kunne
gje særskilt framifrå avkom (som den prototypiske kongen).17 samband
mellom mann frå utgruppe og kvinne frå inngruppe, derimot, var tabu
og kunne gje avkom som vart ulukkesfugl, som starkad i Gautreks saga.
Skallagrim og Egil er den typen. Dei lagar seg unødvendige vanskar, er
stygge, styrlause og gjerrige. Rett nok er dei to torolv-ane motsette, dei er
vakre, harmoniske, høviske, rause og godt likte, og ser lenge ut til å klare
seg godt i teneste hos kongar – men det blir banen deira.18 Det er villdyr- og
trolltypane som klarer seg og bygger det nye samfunnet på Island. “[D]et
er deres utilpassethed som fremmede, der er årsagen til, at de må forlade
Norge. I denne forstand er forholdet mellem Norge og Island i denne saga
som mellem Miðgarðr og útgarðr i Eddaen og mellem kongeriget og den
omgivende vildmark”, seier Meulengracht Sørensen. Han seier det kan
verke som eit paradoks at vi finn dette motivet akkurat i Egilssoga, “der i så
høj grad … forsvarer det islandske standpunkt over for norsk kongemagt”.
Meulengracht Sørensen si forklaring er “at portrættet af Egill og hans for-
14 Egils saga, kap. 1, s. 3.
15 nærare om dette i Ármann Jakobsson, “Beast and Man: realism and the occult in Egils
saga,” Scandinavian Studies 83 (2011): 29–44.
16 Egils saga, kap. 25, 40, 65.
17 Meulengracht Sørensen, “Starkaðr”; gro Steinsland, Det hellige bryllup og norrøn konge-
ideologi. En analyse av hierogami-myten i Skírnismál, Ynglingatal, Háleygjatal og Hyndluljóð
(oslo: Solum, 1991).
18 Egils saga, kap. 8–23, 36–54.
MøtE I DørA