Gripla - 20.12.2014, Page 12
GRIPLA12
fædre er en ironisk kommentar til det standardbillede af en islandsk land-
namsmand, som Landnámabók og de fleste islændingesagaer giver”. “Ved
at sidestille hovedpersonerne i sin landnamsberetning med typen starkaðr
har Egils sagas forfatter, samtidig med at den gængse forklaring akcepteres,
understreget en modsætning mellem islandske høvdinge og norsk konge-
magt med dyb aktualitet i det 13. årh[undre]”.19 Det var då soga vart skriven
og Island var på veg inn under styret til norskekongen.
eg er samd i desse synspunkta, men meiner dei stoppar på halvvegen.
etter det eg kan sjå, stemmer det ikkje at Egilssoga “i så høj grad … forsva-
rer det islandske standpunkt over for norsk kongemagt”, for framstillinga
av heile Kveldulv-ætta og sjølvforståinga hennar er grunnleggjande tvitydig
gjennom heile soga. På overflata ser det for det meste ut til at forfattaren
stør Kveldulv-ætta og sjølvforståinga til det islandske aristokratiet, altså
den islandske opphavsmyten. Men ser ein nærare etter, så problematiserer
forfattaren denne sjølvforståinga og rettsideane ho bygger på. Dette kjem
særleg til syne i ei mengd parsituasjonar, der liknande problemstilling
kjem opp to gonger, og Kveldulv-ætta har éin posisjon fyrste gongen, men
motsett posisjon andre gongen, og såleis møter seg sjølv og ideologien
sin i døra gong etter gong. Dette komposisjonstrekket er lite påakta av
granskarane til no.
3. tvitydige situasjonar i islendingsogene
Mange av situasjonane som inngår i desse para er samtidig det eg vel å kalle
tvitydige eller opne situasjonar, som særmerker sjangeren islendingsoge.
Det dreiar seg om grensetilfelle, særleg av to typar:
a. situasjonar der det er vanskeleg for oss som publikum å avgjera
kven av partane i ein konflikt som har rett, fordi begge har gode
argument for sitt syn,
b. situasjonar der det er vanskeleg for ein person å velja handlingsal-
ternativ, oftast fordi han eller ho har lojalitet til begge partar i ein
konflikt.
19 Meulengracht Sørensen, “Starkaðr,” 767–768.